Hexagon Purus henta ein milliard kroner i ny eigenkapital i kveld.
Kapitalutvidinga vart kunngjort då børshandlen stengte for dagen og meldinga om at den var vellukka vart sendt ut klokka 23:00.
Aksjekursen då børsen stengte var 7, 72 kroner aksjen. Kapitalutvidinga vart gjort til 6,90 kroner aksjen.
Pengane frå kapitalutvidinga skal sikre finansiering av verksemda til Hexagon Purus, fram til selskapet tener nok til at det får ein positiv kontantstraum, ifølgje børsmeldinga.
Publisert: 30.10.2024 23:17
Sist oppdatert: 30.10.2024 23:17