Morten Holum 2 Hexagon Purus Maritime foto Ogne
PÅ PENGEJAKT: Hexagon Purus-sjef Morten Holum sende ut børsmelding om milliardemisjon etter at børshandelen stengte i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Hexagon Purus vil hente ein milliard

Målet er å ha pengane på plass innan torsdag morgon.

30.10.2024

Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. 

Etter at børsen stengte onsdag varsla selskapet at det vil hente ein milliard kroner i ny eigenkapital.

Selskapet har hyra meklarhusa ABG Sundal Collier, Arctic Securities og Danske Bank til på hjelpe seg med å få inn pengane frå investorar. 

Les børsmelding (ekstern lenke)

Pengar til positiv kontantstraum
Pengane frå kapitalutvidinga skal sikre finansiering av verksemda til Hexagon Purus, fram til selskapet tener nok til at det får ein positiv kontantstraum, ifølgje børsmeldinga.

Positiv kontantstraum betyr at selskapet får meir pengar inn i kassa, enn det betalar ut.

I samband med kapitalutvidinga offentleggjer selskapet tal for tredje kvartal. Det er ikkje ein komplett kvartalsrapport, med berre ei avgrensa mengde informasjon: 

Driftsinntektene i 3. kvartal var 544 millionar kroner og driftsresultatet før av- og nedskriving (ebitda) minus 51 millionar kroner. Tilsvarande tal for same periode i 2023 var 380 millionar i driftsinntekt og minus 116 millionar kroner i ebtida.

Hexagon Composites og Mitsui er med
Kapitalutvidinga skal skje gjennom ein såkalla book-building-prosess, der kursen blir fastsett ut frå interessa hos investorane.

Storaksjonærane Hexagon Composites og Mitsui & Co vil gå inn med høvesvis 383 og 250 millionar kroner.

Hexagon Purus vart handla til 7,72 kroner aksjen onsdag. Den kursen verdset selskapet til 2,1 milliardar kroner.

Publisert: 30.10.2024 17:03

Sist oppdatert: 30.10.2024 21:21

Mer om