HI Giørtz Sønner til sak mot Ålesund kommune
Kommunen avviste tilbod frå matvaregrossisten. No møtes dei i retten. Striden står om 120 millionar kroner.
HI Giørtz Sønner krev at tildeling av kontrakten på levering av matvarer til fleire kommunar på Sunnmøre blir stansa inntil vidare.
Striden handlar om ein kontrakt på levering av matvarer til kommunane som er med i det kommunale innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre. Det er Ålesund kommune som har stått for anbodsprosessen.
Der nådde HI Giørtz Sønner ikkje opp.
Ifølgje innkjøpssjef Kariann Bigseth i Ålesudn er årlege innkjøp i den fireårige kontrakten anslått å vere 30 millionar kroner.
Kontrakten omfattar 14 kommunar, institusjonen Muritunet i Valdal og fylkeskommunale verksemder sør for Romsdalsfjorden.
Fekk tilbodet avvist
"Ein av de to leverandørane som ga tilbod i konkurransen fekk tilbodet sitt avvist etter tilbodsfrist. Dette var grunna vesentlege avvik frå anskaffingsdokumenta, der leverandøren hadde tilbydd økonomiprodukt på svært mange av dei varelinjene der det ikkje var opna for det. Avvisinga vart klaga på, men Ålesund kommune helt fast ved avgjersla om avvising.", skriv Ålesund kommune i ei pressemelding.
Leverandøren blir ikkje namngitt i pressemeldinga, men i meldinga står at saka skal opp i tingretten 4. mai.
På saklista til Møre Tingrett 4. mai, i Ålesund, står det ei sak mellom HI Giørtz og Ålesund kommune, med tema: "Begjæring om midlertidig forføyning for å stanse kontraktsinngåelse etter reglene om offentlige anskaffelser",
Administrerande direktør Egil Giørtz skriv i ei tekstmelding til NETT NO at "Vi ønsker ikke å kommentere dette i media før tvistesaken er avgjort".
Avviser diskriminering
Matvarene som skal kjøpast kan blant anna bli brukt til servering og sal i kantiner og kioskar, til matproduksjon til institusjonar, sjukeheim og barnehagar med meir, ifølgje pressemeldinga.
I følgje pressemeldinga har det ikkje namngitte selskapet klaga på utforminga av konkurransen, og mellom anna argumentert medat konkurransegrunnlaget er diskriminerande, då det er avgrensa kva varelinjer økonomiprodukt kan tilbydast på, og at konkurransen difor må avlysast.
- Ålesund kommune er ikkje einig i at konkurransegrunnlaget er diskriminerande, og at det difor ikkje er sakleg grunn til å avlyse konkurransen. Det er likevel for Ålesund kommune interessant å få ei rettsavgjersle på dette, då gjennomføring av denne typen konkurransar er krevjande, og det ikkje ligg føre nokon fasit for korleis det skal gjerast, seier innkjøpssjef Kariann Bigseth i pressemeldinga.
Publisert: 25.04.2022 09:38
Sist oppdatert: 25.04.2022 12:19