Har delt opp H I Gioertz Soenner 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
EIDSNES: Rekordår for H i Giørtz Sønner og administrerande direktør Egil Giørtz.
Nytt

Slo alle rekordar

Aldri før har H I Giørtz Sønner hatt større omsetning og betre resultat.

26.07.2021

Sula-bedrifta omsette i fjor for 3744 millionar kroner, ein auke på 286 millionar kroner frå året før.

Resultatet før skatt enda på 86,8 millionar kroner.

Begge deler er nye rekordar. Omsetninga er den høgaste i selskapets lange historie, som strekker seg heilt tilbake til 1891.

Resultatet før skatt var så vidt betre enn resultatet i 2017, som då var ny rekord.

(saka held fram etter tabellen)

H I Giørtz Sønner
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 3744 3458
Driftsresultat 84,6 81,7
Resultat før skatt 86,8 85

Daglegvarebutikkar
Det Eidsnes-baserte selskapet driv med engroshandel til daglegvare og serveringsmarknaden. Selskapet har omlag 45.000 ulike produkt, og har eit varelager på 20.000 kvadratmeter.

I tillegg er ein medeigar i elleve daglegvarebutikkar på Sunnmøre og i Nordfjord, der eigarskapen er flytta over til H I Giørtz Holding.

I tillegg har ein fleire eigedomsselskap både i Ålesund-området. Ørsta, Herøy og Hornindal.

Sette krisestab
I årsrapporten skriv selskapet at ein sette krisestab og sette i gang ei rekke tiltak i samband med covid-19 pandemien, men at resultatet for 2020 ikkje vart påverka.

Styret skriv at selskapet har planar om vidare vekst, og at ein har ei sunn finansiell stilling.

Samla eigenkapital er no oppe i 244 millionar kroner, og selskapet har null i langsiktig gjeld.

215 tilsette
Totalt var det 215 tilsette ved årsskiftet, derav 39 kvinner.

Antal årsverk er 175,5.

Hovedeigar er Egil Giørtz med 51,5 prosent. Asko Norge eig 34,9 prosent, Marianne Giørtz 10,0 prosent og Hans J. Giørtz 3,6 prosent.

Eigarane fordeler eit utbyte på 20 millionar kroner for fjoråret.

Publisert: 26.07.2021 05:50

Sist oppdatert: 23.07.2021 15:02

Mer om