Jon Olav Odegard 1
UTVIDAR PRODUKSJONSKAPASITETEN: Hofseth Biocare-sjef Jon Olav Ødegård seier selskapet skal gjere "ei betydleg investering" på Berkåk i Trøndelag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Hofseth Biocare satsar på Berkåk

Går frå åtte til 40 tilsette med ny fabrikk.

05.12.2024

Hofseth Biocare skal bygge ein ny fabrikk på Berkåk, med 2,5 gangar så stor produksjonskapasitet som selskapet sitt anlegg i Midsund har i dag.

Administrerande direktør Jon Olav Ødegård seier målet er å ha det nye anlegget klart om eitt og eit halvt til to år. Då vil talet på tilsette går frå dagens åtte til omlag 40.

Hofseth Biocare opplyser ikkje kva anlegget vil koste, men Ødegård seier det er snakk om «ei betydeleg investering».

Hofseth Biocare foredlar avskjer og restråstoff frå laks til ingrediensar for helsekost og kjæledyrfôr. Selskapet utviklar også produkt som kan bli til legemiddel.

Les børsmelding her (ekstern lenke)

Tidlegare meieri
Berkåk ligg langs E6 sør for Oppdal. Hofseth Biocare kjøpte det tidlegare meieribygget i 2012 og hadde eit spraytørkeanlegg der fram til eit spraytørkeanlegg vart bygd då fabrikken i Midsund vart utvida i 2020. 

Etterpå har Berkåk-anlegget vore brukt til forsking- og utviklingsarbeid og distribusjonsentral.

Anlegget består av to bygg som no skal byggast saman og romme den nye fabrikken.

Når nye leverandørar
Med det nye anlegget vil det bli lettare å rekruttere råstoffleverandørar nord for Møre og Romsdal. 

Anlegget i Berkåk har dessutan god plass og plasseringa langs E6 er gunstig både for å få råstoff inn, og varer ut, ifølgje Ødegård. 

Ifølgje børsmeldinga arbeider Hofseth Biocare med å få på plass den naudsynte finansieringa av investeringa i Berkåk, gjennom banklån og leasingavtaler.

Publisert: 05.12.2024 09:44

Sist oppdatert: 05.12.2024 16:43

Mer om