Hong Kong selskap inn i Broedrene Aa
NY AKSJONÆR: Brødrene Aa etablerer produksjon i Kina med ny medeigar på laget. Styreleiar Leif Riksheim (t.v.) og Tor Øyvin Aa signerer avtalen med viseadministrerande direktør Leng Buli i Chu Kong Shipping Enterprises.
Nytt

Hong Kong-selskap inn i Brødrene Aa

Chu Kong Shipping Enterprises Co. kjøper 40 prosent av hurtigbåtverftet Brødrene Aa AS. Byggjer fabrikk i Kina.

26.02.2016
Kjøpet vil gi Brødrene Aa i Hyen solide finansielle musklar for vidare vekst, heiter det i ei pressemelding frå Brødrene Aa.

Chu Kong Shipping Enterprises driv rundt 50 hurtigbåtfarty i Hong Kong og andre deler av Kina. Selskapet har allereie kontrakt om bygging av to 41 meter lange hurtigbåtar i kompositt hos Brødrene Aa.

Til Kina

Avtalen med Chu Kong Shipping Enterprises betyr også etablering av produksjon basert på Brødrene Aa-teknologi i Kina.
Hong Kong-selskapet vil byggje eit hurtigbåtverft på det kinesiske fastlandet, for å utrustning og konstruksjon av hurtigbåtar basert på teknologi frå Hyen.

Sett til utlandet

Brødrene Aa har jakta på betre fotfeste i utlandet i lengre tid. Selskapet har hatt god vekst og lønsemd dei siste åre, men meiner den norske marknaden er for liten.
-Vi kan ikkje rekne med å byggje seks hurtigbåtar årleg til den norske marknaden. Vi må ut, og vi brukar mykje ressursar på utlandet. Det har vi gjort dei to-tre siste åra, og det er der vi må forvente å skaffe oss oppdrag, sa dagleg leiar og medeigar Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa til NETT NO i august i fjor.

Hong Kong-kontor

Brødrene Aa kjem til å etablere ei dotterselskap i Hong Kong som saman med hovudkontoret i Hyen skal ta seg av marknadsføring, sal og ingeniørarbeide, i tillegg til å medvirke til å byggje det nye hurtigbåtverftet i Kina.
Ein stor marknad og større produksjonskapasietet vil styrke verfta i Noreg og Kina og utnytte fordelane ved å ha verft i både Noreg og Kina, heiter det i pressemeldinga.

Publisert: 26.02.2016 16:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52