Hurtigruten faar auka kreditten
BERGEN: Det siste døgnet har MS Polarlys segla sørover til Bergen og skal etter planen segle første tur derifrå 1. januar.
Nytt

Hurtigruten får auka kreditten

Får tilgang til meir pengar og gjer seg klare til å starte opp kystruta med lengre liggetid i Ålesund og kortare i Molde.

Marius Rosbach
28.12.2020
Reiarlaget Hurtigruten har fått tilgang på 60 millionar euro , om lag 630 millionar kroner i auka kreditt, ifølgje ei måndag.
Det gjer at reiarlaget får tilgang til eit tilsvarande beløp for å trappe opp aktivitetane framover.
Frå nyttår startar hurtigruteskipa opp å segle kystruta mellom Bergen og Kirkenes igjen. Det skjer etter dei , som mellom anna inkluderer lengre opphald i Ålesund og kortare i Molde. Som følgje av koronasvikten blir det inntil vidare reduserte avgangar.

– Kan oppleve større delar av Sunnmøre

Reiselivsjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre har at han såg nye moglegheiter ved at dei nordgåande skipa til Hurtigruten blir liggande i Ålesund frå 9.45 til klokka 20 store delar av året.
– Det betyr at turistar som reiser med Hurtigruten kan oppleve større delar av Sunnmøre enn dei har gjort før. Ein kan både starte på en tur her frå byen, og kanskje gå om bord att i Molde, og ein turistane kan reise til område ein kanskje ikkje har rekt tidlegare på grunn av reisetida, sa Skrede til NETT NO.

Turar til Geiranger og Urke

Frå juni blir det kortare liggetid når skipa går daglege turar til Geiranger i perioden juni-august og Urke i perioden juni-oktober. Hurtigruten sjølv trur auka liggetid i Ålesund kan gi auka aktivitet i regionen.
I Molde har det vore negative reaksjonar frå handelsstanden og reiselivet på at kystruteanløpa i byen berre blir på ein halvtime seint om kvelden.
Havila Kystruten skal inntil vidare ikkje starte opp sine seglasar. Dei ventar å få dei to første nybygga ferdige frå verftet i Tyrkia i løpet av første kvartal 2021.

Les også:



Utvidar på Øye:



Hurtigruten vil ligge lengre:


Det betyr at turistar som reiser med Hurtigruten kan oppleve større delar av Sunnmøre enn dei har gjort før

Publisert: 28.12.2020 13:43

Sist oppdatert: 07.04.2021 21:51