Hydrogen-selskap til børs
Hydrogendistribusjonsselskapet Hyon skal børsnoterast. Norwegian Hydrogen i Ålesund er medeigar.
Hyon har spesialisert seg på å frakte og levere hydrogen som drivstoff til skip, og har nettopp henta inn 50 millionar kroner i eigenkapital.
Kapitalinnhentinga verdset Hyon til 150 millionar kroner. Neste steg er notering på Euronext Growth, ein marknadsplass på Oslo Børs der krava for å bli notert er enklare enn på hovudlista.
Norwegian Hydrogen i Ålesund, med Flakk Gruppen som stor aksjonær, er stor eigar i Hyon, saman med selskapa Saga Pure og NEL. Dei tre selskapa samarbeidar for å utvikle ein marknad for hydrogen som drivstoff.
Det er NEL som har sendt ut børsmelding om kapitalutvidinga.
Satsar på Hellesylt
Norwegian Hydrogen skal ha eit produksjonsanlegg for hydrogen på Hellesylt klart til bruk i 2023.
Hyon skal levere utstyret til bunkringsanlegget på Hellesylt slik at hydrogendrivne fartøy kan fylle der.
NEL leverer utstyr for produksjon og distribusjon av hydrogen.
Publisert: 21.01.2022 09:46
Sist oppdatert: 21.01.2022 09:47