Hydroniq Coolers-sjef Inge Bøen
ELLINGSØYA: Lysare utsikter for Hydroniq Coolers og adm. dir Inge Bøen. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Hydroniq Coolers snudde minus til pluss

Ellingsøy-bedrifta har slite med innteninga, men ser lysning etter plussresultat i fjor.

04.04.2023

Hydroniq Coolers (tidlegare Sperre Coolers) reduserte salet med nesten 10 millionar kroner frå 2021 til 2022, men betra samstundes innteninga. Resultatet før skatt enda på 0,5 millionar kroner, mot minus 3,0 millionar kroner i 2021.

I perioden 2017-2019 tapte selskapet samla 29 millionar kroner. No ser styret lysning framover.

(saka held fram etter tabellen)

Hydroniq Coolers
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 63,5 53,9
Driftsresultat 0,6 -2,4
Resultat før skatt 0,5 -3

Forventar auka skipsbygging
Hydroniq Coolers produserer og leverer i hovudsak sjøvasskjølarar, og har blant anna rammeavtale om leveransar til brønnbåtselsapet Sølvtrans.

Styret skriv i årsrapporten for 2022 at med unntak av serviceskip til oppdrettsnæringa var det ein treg marknad innanfor skipsbygging. No forventar ein at aktiviteten vil auke. Selskapet har også hatt ein vekst i ettermarknaden.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 7,0 millionar kroner og ei langsiktig gjeld på 29,0 millionar. I 2022-tala er det sett av nokre garantiavsetningar.

Investeringsselskap er hovudaksjonær
I fjor sysselsette Hydroniq Coolers 18,2 årsverk.

Investeringsselskapet SMV Invest er hovudaksjonær med 80 prosent av aksjane. Her er Ole Kristian Sperre største enkeltaksjonær.

Inge Bøen eig 10 prosent, medan andre aksjonærar er Endre Kristiansen, Hans Robert Almestad og Rune Myklebust.

Publisert: 04.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 03.04.2023 23:25

Mer om