Hyperthermics avtale med Hofseth
KJØPER LOKALT: - Det er spennende å ha et lokalt selskap som Hyperthermics med oss på laget, seier Roger Hofseth. Han eig den tidlegare olivingruva i Raudbergvika ved Storfjorden og planlegg landbasert oppdrettsanlegg der.
Nytt

Hyperthermics-avtale med Hofseth

Har inngått intensjonsavtale å bygge slambehandlingsanlegg i Storfjorden.

02.02.2021
Gjennom selskapet World Heritage Salmon planlegg Roger Hofseth å bygge eit landbasert oppdrettsanlegg i den tidlegare olivingruva i Raudbergvika i Fjord kommune.

No har Hyperthermics i Ulsteinvik inngått ein intensjonsavtale om å bygge eit anlegg, som skal behandle 120.000 tonn slam årleg i tilknytningen til oppdrettsanlegget. Slammet skal gjerast om til energi og protein. Det skriv selskapet i ei pressemelding. Prisen på anlegget er ikkje opplyst.
– Dette er ei svært viktig intensjonsavtale for oss. Oppdrettsanlegg på land og anlegg med lukka merder er eit viktig satsingsområde for selskapet, seier dagleg leiar Erlend Haugsbø Hyperthermics.

Satsar på oppdrett

Hyperthermics har levert eitt anlegg for behandling av biologisk avfall som står ved biogassanlegget til Lindum i Drammen. Anlegget kombinerer varme og bakteriar slik at nedbrytingsprosessen går raskare, noko som aukar kapasiteten til biogassanlegget.
Under oppdrettsmessa Aqua Nor i Trondheim i august 2019 presenterte Hyperthermics korleis deira anlegg også kunne brukast til å bryte ned slam frå landbaserte oppdrett, og produsere gass og proteinprodukt.

- Hyperthermics kan bli ein stor og viktig leverandør til oppdrettsnæringa, seier Roger Hofseth i pressemeldinga.

12 gangar større

Det Hyperthermics har mangla er nye kontraktar etter anlegget i Drammen.
I år har selskapet kome nærare å få fast fisk, sist med intenasjonsavtalen med World Heritage Salmon. Blir den avtalen bindande, skal det byggast eit anlegg med 12 gangar større behandlingskapasitet enn anlegget i Drammen.
Tidlegare i år offentlggjorde Hyperthermics i ein intensjonsavtale med Ultramar Energy Ltd om testing og utvikling av to biogassanlegg, eller proteinanlegg i Mexico. Målet er at det skal bli ein bindande avtale i løpet av 2021.

Det London-baserte selskapet og Hyperthermics har også inngått ein intensjonsavtale om at Ultramar skal bidra med 30 millionar kroner for å finansiere bygging av tre andre fullskala biogass-og proteinanlegg. Håpet til selskapet er at desse avtalane skal bli bindande innan utløpet av 2022.

Lang veg mot målet

I 2016 trudde Hyperthermics at selskapet skulle få sitt første kommersielle sal av biogassanlegg i løpet av 2017. Året før hadde renovasjonsselskapet Lindum og Hyperthermics blitt enige om å drive eit pilotanlegg på Lindum sitt biogassanlegg i Drammen.
Hyperthermics Holding er største eigar (22,61 prosent), energiselskapet Vardar (21,69 prosent) nest størst. Majoritetseigar i Hyperthermics Holding er Jan Brevig Remmereit. Han grunnla mellom anna helsekostselskapet Natural, og er medeigar i helsekost- og legemiddelselskapet Arctic Nutrition.


Hyperthermics kan bli ein stor og viktig leverandør til oppdrettsnæringa

Publisert: 02.02.2021 09:03

Sist oppdatert: 21.05.2021 11:18

Mer om