Hyperthermics emisjon paa 4 2 millionar
LAGET BAK HYPERTHERMICS: F.v. Erik Norgaard, Leonardo Torres, Øyvind Kvalsund, Stefan Miller, Christian Temte, Erlend Haugsbø og Harald Nordal.
Nytt

Hyperthermics-emisjon på 4,2 millionar

Siktar mot å inngå sin første kommersielle avtale i første halvår.

07.01.2019
Emisjonen som blei fullført i desember var på 4,2 millionar kroner, der 90 prosent av pengane kom frå eksisterande aksjonærar.

12 millionar

Administrasjonen hadde fullmakt til å hente inn inntil 12 millionar kroner, men vil heller hente inn meir etter at selskapet har ein signert kontrakt på plass.
- Intensjonen er å få til eit kommersielt sal og heller ta emisjon etterpå, seier salsdirektør Erlend Haugsbø.
Selskapet har eit generalforsamlingsvedtak i 2018 på å hente inn inntil 20 millionar kroner i ny eigenkapital. Dei åtte første millionane blei henta inn i tidleg i 2018 og 4,2 millionar altså i desember.
Det har tatt lengre tid å lande den første kommersielle kontrakten enn Hyperthermics såg for seg i fjor. Det påverka også handteringa av den siste kapitalutviding som blei landa i desember i fjor, si følgje Haugsbø.

Teknisk gjennomgang

Hyperthermics lagar anlegg som ved hjelp av bakteriar ved høg temperatur set ekstra fart på nedbrytingsprosessen i biogassanlegg. Marknaden er både nye og eksisterande biogassanlegg.
Førebels har Hyperthermics eitt testanlegg i drift hos Lindum i Drammen.
Hyperthermics arbeider aktivt opp mot fleire kunder, blant annet eit anlegg som er 20 gangar større enn testanlegg i Drammen, i følgje Haugsbø.
Haugsbø vil ikkje opplyse kven den potensielle kunden er, men seier det er snakk om ein mogleg leveransen til ei oppgradering av eit eksisterande biogassanlegg i Norden.

Publisert: 07.01.2019 15:52

Sist oppdatert: 21.05.2021 11:21

Mer om