Mikael Rønes og Stig Amdam foto Hyperthermics
AVTALE: AVTALE: Mikael Rønes, administrerande direktør i Atlantic Aquafarms (t.h.)) og Stig Amdam, salssjef i Hyperthermics markere avtalen mellom dei to selskapa med eit handtrykk i 2021 Foto: Hyperthermics
Nytt

Hyperthermics-kunde med trøbbel i USA

Skulle rense slam med Hyperthermics-teknologi. Avtalen gjeld framleis, seier Hyperthermics.

19.06.2023

I 2021 fekk Hyperthermics i Ulsteinvik ein avtale med selskapet American Aquafarms, som ville bygge lukka oppdrettsanlegg i delstaten Maine i USA.

Vilkåret for at det skulle bli eit oppdrag for Hyperthermics var at American Aquafarm fekk dei naudsynte løyva til å starte oppdrettsproduksjon i USA. Det har selskapet førebels ikkje fått, og no har fabrikkanlegget American Aquafarms planla å starte produksjon i blitt seld på tvangsauksjon skriv Dagens Næringsliv.

Hyperthermics har utvikla ein prosess som set fart på nedbrytingsprosessen for biologisk avfall og planen var å bruke denne teknologien til å utvinne biogass og produsere gjødsel av slammet frå oppdrettsanlegget.

Ny majoritetseigar
Tapet blir på godt over 20 million kroner for American Aquafarms-eigar Blue Future, skriv avisa.

Blue Future har vore kontrollert av tidlegare aksjemeklar Mikael Lade Rønes sidan starten, han var også avbilda i pressemeldinga om avtalen mellom Hyperthermics og American Aquafarms.

Lade Rønes er ikkje lenger hovudaksjonær i Blue Future skriv dagleg leiar Eirik Jørs i ein epost til Dagens Næringsliv.

I følgje avisa har Blue Future ein intensjonsavtale om ei mogleg samanslåing med det børsnoterte amerikanske oppdrettsselskapet AquaBounty.

Avtalen gjeld
Dagleg leiar Erlend Haugsbø i Hyperthermics seier han ikkje har vore i kontakt med American Aquafarms på ei tid, men at avtalen som blei inngått i 2021 framleis er gjeldande.

Vilkåret for at det skal bli oppdrag for Hyperthermics om å levere eit anlegg for nedbrytinga fiskeslam er som avtalt i 2021, at Atlantic Aquafarms først må ha dei naudsynte løyva for å byrje med oppdrett.

Publisert: 19.06.2023 13:41

Sist oppdatert: 23.06.2023 00:02

Mer om