Mikael Rønes og Stig Amdam foto Hyperthermics
AVTALE: Mikael Rønes, administrerande direktør i Atlantic Aquafarms (t.h.)) og Stig Amdam, salssjef i Hyperthermics. Foto: Hyperthermics
Nytt

Hyperthermics-avtale i USA

Skal rense slam frå landbasert oppdrettsanlegg.

21.10.2021

Får American Aquafarms dei naudsynte godkjenningane til å bygge eit lukka oppdrettsanlegg i Maine i USA blir det Hyperthermics i Ulsteinvik som skal levere anlegget som skal utvinne energi frå slammet.

Hyperthermics har i fleire år hatt eit pilotanlegg i Drammen som gjer at nedbryting av biologiske avfall går raskare.

Anlegget i USA kan bli inntil ti gangar større en anlegget i Drammen, ifølgje dagleg leiar Erlend Haugsbø i Hyperthermics.

Energi og gjødsel
Det lukka anlegget for lakseoppdrett skal produsere 36.000 tonn laks i året.

Slammet skal skal skillast ut i renseanlegg ved merdene og transporterast med lektarar til lands. I Hyperthermics-anlegget vil ein biologisk prosess vinne ut biogass og produserer gjødsel som biprodukt.

200 millionar I vår gjekk trioen Roger Halsebakk, Frode Håkon Kjølås og Peder Stette inn i Hyperthemics i ein transaksjon som verdsette selskapet til 200 millionar kroner.

Ideen bak Hyperthermics er å bruke bakteriar, som lever og trivst i høg temperatur og trykk, til å bryte ned biologisk materiale.

Kort fortklart får slike bakteriar fart på nedbrytinga, som betyr at biogassanlegg får auka kapasitet. Selkspet har og utvikla bruken av slike bakteriar til å utvinne protein frå fiskeavfall.

Publisert: 21.10.2021 09:45

Sist oppdatert: 21.10.2021 10:08

Mer om