Hyperthermics utvidar staben
LAGET BAK HYPERTHERMICS: F.v. Erik Norgaard, Leonardo Torres, Øyvind Kvalsund, Stefan Miller, Christian Temte, Erlend Haugsbø, og Harald Nordal.
Nytt

Hyperthermics utvidar staben

Hyperthermics har utvida staben og satsar på sitt første sal i år.

28.06.2018
Nyleg samla selskapet heile teamet ved sitt nye hovudkontor i Ulsteinvik.
Det først og fremst sal, marknadsføring, ingeniørkapasiteten og adminstrasjon som er forsterka. I løpet av 2017/2018 er Erlend Haugsbø tilsett som chief operating offiser sales, Christian Temte som finansdirektør (CFO) og Øyvind Kvalsund som senior designer/system manager.
I dag har selskapet fire personar på heiltid og tre på deltid.
Hyperthermics gjennomførte ein emisjon på åtte millionar kroner tidlegare i år, retta mot eksisterande og nye eigarar, og har utvikla ein meir kompakt og effektiv versjon av produktet sitt - eit anlegg som set større fart på nedbrytinga i biogassanlegg.

Tok tid

I 2016 trudde Hyperthermics at selskapet skulle få sitt første sal av anlegg i løpet av 2017. Det året gjekk energiselskapet Vardar inn som medeigar.
Året før hadde renovasjonsselskapet Lindum og Hyperthermics blitt enige om å drive eit pilotanlegg frå Hyperthermics på Lindum sitt biogassanlegg ved Drammen.

Lindum er eit heileigd kommunalt renovasjonsselskap, Vardar har Drammen kommune som største aksjonær.
Det tok lenger tid enn venta for Hyperthermics å vidareutvikle anlegget sitt, i følgje administrerande direktør Harald Nordal. Med ein ny versjon klar, ventar selskapet å få sine første sal i løpet av året.

Bakteriar

Ved hjelp av bakteriar som trivest i høg temperatur kan Hyperthermics bryte ned bioavfall raskare enn i eit ordinært biogassanlegg. Ved å kombinere eit Hyperthermics-anlegg med eit ordinært anlegg, der blandinga frå Hyperthermics-anlegget blir blanda inn i det ordinære anlegget - kan tida det tar å bryte ned bioavfallet i beste fall halverast.
Raskare nedbyting betyr at det totale anlegget før større kapasitet, eventuelt kan byggast mindre og billegare.
Den siste versjonen av Hyperthermics-anlegget er bygd inn i ein container, som kan settast opp ved eit ordinært biogassanlegg og er klar til drift straks det er kobla til.

Publisert: 28.06.2018 06:00

Sist oppdatert: 21.05.2021 11:23

Mer om