Jonas Gahr Støre på V Ard Langsten foto Ogne
SATSAR PÅ STØRE: Lukkast Jonas Gahr Støre (Ap) med regjeringsforhandlingane håpar Maritimt Forum på gjennomslag for vidare støtte til elektrifisering av offshoreflåten. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Håpar på ny kurs med ny regjering

Maritimt Forum vil ha varig støtte til å sette batteri i offshorefartøy.

20.09.2021

Ein ny instruks til Enova når det gjeld støtte til å montere batteri ombord i offshorefartøy er eitt av innspela frå interesseorganisasjonen Maritimt Forum til ny regjeringsplattform.

Batteri gjer det råd å kombinere diesel- og batteridrift på ein måte son reduserer bruken av diesel, og dermed CO2-utsleppa.

Maritim Forum vil ha slik støtte som eit varig tiltak for å redusere CO2-utsleppa frå offshoreflåten, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Martimt Forum Nordvest til NETT NO.

Enovakutt
Statlege Enova forvaltar støttetiltak for å utvikle og ta i bruk ny teknologi som bidrar til energieffektivisering og reduserte utslepp av CO2 frå bruk av fossile energikjelder.

I vår varsla Enova at teknologien og metoden for å kombinere bruk av batteri og dieselmotorar ombord i offshorefartøy var komen så langt at det ikkje skulle bli gitt meir støtte til dette. Siste frist for å søke var i april og prosjekt som hadde fått ja til støtte må vere fullført i løpet av året.

Maritimt Forum Nordvest protesterte:

"Det er meget overraskende og svært skuffende at ENOVA sånn helt uten videre bremser framveksten av det grønne maritime skiftet. Alle vedtak, retningslinjer og signaler fra både Regjering og Storting peker i retning av økt fart i det grønne skiftet. Og så gjør Enova det stikk motsatte", Maritimt Forum Nordvest i ei pressemelding i april i år.

Stoppar opp
No meiner Maritimt Forum at det er tydeleg at vedtaket om å fjerne støtta har ført til at installering av batteri stoppar opp.

"Etter programavviklingen har vi fått mange tilbakemeldinger på at offshorerederiene ikke har mulighet til å installere batteri på sine fartøy uten Enova-støtten", seier Ingjerd i ei pressemelding.

Endra reglar er ekstra uheldig no - ifølgje Maritimt Forum - når den maritime bransjen er råka av ein koronanedtur og treng nye oppdrag.

Publisert: 20.09.2021 14:12

Sist oppdatert: 20.09.2021 14:13