Nytt
Håpar å tilsette fleire i år
- Med ein gang vi får kontrakter på plass skal vi begynne å tilsette folk, seier Hyperthermics-sjef Erlend Haugsbø.
12.06.2020
Haugsbø er optimist, trass at selskapet også tidlegare har trudd på eit snarleg gjennombrot.
- Vi har veldig mange konkrete prosjekt på oppløpssida, seier han.
Tidlegare i år henta selskapet inn åtte millionar kroner i ny kapital frå eksisterande eigarar.
I 2016 trudde Hyperthermics at selskapet skulle få sitt første kommersielle sal av biogassanlegg i løpet av 2017. Året før hadde renovasjonsselskapet Lindum og Hyperthermics blitt enige om å drive eit pilotanlegg frå Hyperthermics på Lindum sitt biogassanlegg ved Drammen og den avtalen gjorde selskapet optimistisk med omsyn til ein gjennombrot for teknologien.
Selskapet sine driftsinntekter i fjor var 1,4 millionar kroner og resultatet før skatt minus seks millionar (sjå tabell, på mobil nederst på sida).
Selskapet har bokført verdien av forsking og utvikling til 29,7 millionar kroner og verdien av patent og konsesjonar til 9,4 millionar. Den bokførte eigenkapitalen i selskapet er 10 millionar kroner.
Hyperthermics Holding er største eigar (22,61 prosent), energiselskapet Vardar (21,69 prosent) nest størst. Majoritetseigar i Hyperthermics Holding er Jan Brevig Remmereit. Han grunnla mellom anna helsekostselskapet Natural og er medeigar i helsekost- og legemiddelselskapet Arctic Nutrition.
- Vi har veldig mange konkrete prosjekt på oppløpssida, seier han.
Tidlegare i år henta selskapet inn åtte millionar kroner i ny kapital frå eksisterande eigarar.
Biogass og protein
Ideen til Hyperthermics er å bruke bakteriar under høg temperatur for å få fart på nedbrytingsprosessen av biologisk materiale i biogassanlegg. Poenget er å utvide produksjonskapasiteten i anlegga utan store og plasskrevande investeringar. Prosessen kan og brukas i proteinproduksjon basert på restråstoff frå havbruksnæringa.I 2016 trudde Hyperthermics at selskapet skulle få sitt første kommersielle sal av biogassanlegg i løpet av 2017. Året før hadde renovasjonsselskapet Lindum og Hyperthermics blitt enige om å drive eit pilotanlegg frå Hyperthermics på Lindum sitt biogassanlegg ved Drammen og den avtalen gjorde selskapet optimistisk med omsyn til ein gjennombrot for teknologien.
Selskapet sine driftsinntekter i fjor var 1,4 millionar kroner og resultatet før skatt minus seks millionar (sjå tabell, på mobil nederst på sida).
Verdiar i forsking og utvikling
"Selskapet har mottatt gode tilbakemeldinger fra aktører i markedet for sine teknologiske løsninger. Økt interaksjon med sentrale aktører gir selskapet tro på at en nærmer seg kommersielle kontrakter", skriv selskapet i årsrapporten for 2019.Selskapet har bokført verdien av forsking og utvikling til 29,7 millionar kroner og verdien av patent og konsesjonar til 9,4 millionar. Den bokførte eigenkapitalen i selskapet er 10 millionar kroner.
Hyperthermics Holding er største eigar (22,61 prosent), energiselskapet Vardar (21,69 prosent) nest størst. Majoritetseigar i Hyperthermics Holding er Jan Brevig Remmereit. Han grunnla mellom anna helsekostselskapet Natural og er medeigar i helsekost- og legemiddelselskapet Arctic Nutrition.
Publisert: 12.06.2020 08:35
Sist oppdatert: 21.05.2021 11:19