Haaper paa ny Brim kontrakt
Den elektriske katamaranen MS Bard, skal frå 2020 segle frå Longyearbyen som ein del av Hurtigruten Svalbard.
Nytt

Håper på ny Brim-kontrakt

Maritime Partner har snart klar den første sightseeingbåten til Brim Explorer. Peder R. Myklebust håper på fleire kontraktar.

12.08.2019
- Vi er i dialog med selskapet om bygging av ein ny båt, men ikkje noko er endeleg avklara.
- Men vi håper å få kontrakt, for det vil passe oss godt, seier dagleg leiar Myklebust i Ålesund-selskapet.
Den første sightseeingbåten, MS Brim, skal leverast 1. august.
- Vi fekk seint inn skroget, men vi har lagt ein plan for å vere ferdig på dato, seier Myklebust.

Banebrytande design

Nye Brim vert ein 24 meter lang miljøvenleg katamaran skal frakte 140 turistar frå Lofoten i sommarhalvåret og frå Tromsø i vinterhalvåret.
Overbygget har store glasflater, og Hareid-designaren Einar Hareide har stått bak konseptet i samarbeid med gründerane Agnes Árnadóttir og Espen Larsen-Hakkebo i Brim Explorer.

Avtale med Hurtigruten

No har selskapet inngått femårsavtale med Hurtigruten om å frakte turistar i nord.
Ifølgje inneber avtale at selskapet kan starte katamaranen MS Bard, som skal setjast inn på dagsturar til og frå Longyearbyen frå 2020.
Gjennom avtalen vilHurtigruten leige MS Bard, i minst fem år, med opsjon på forlenging.
I tillegg garanterer Hurtigruten at dei skal kjøpe ein andel av kapasiteten til MS Brim.
Etter det E24 erfarer har avtalen ein verdi på totalt over 100 millionar kroner.

Ledig kapasitet

Peder R. Myklebust hos Maritime Partner seier at det er stor aktivitet no.
Blant anna skal selskapet levere ein dykkerbåt til Subseapartner, og er på gang med ein serie på seks arbeidsbåtar til Kystvakta/Forsvaret.
- Vi har masse innleigde folk akkurat no, men vi har ledig kapasitet frå 1. august av.
- 1. august kjem fort, og salskorpset jobbar beinhardt for å få inn nye kontraktar, seier Myklebust.

Publisert: 12.08.2019 13:40

Sist oppdatert: 03.12.2021 21:33