Båten 22 Jarle Berg22 innfelt Håkon Woldsund illfoto Evotec
VEKST: Fiskerimarknaden er i ferd med å bli den viktigaste marknaden for Evotec i Ulstein. Vinsjar til fiskebåten Jarle Berg er den ferskaste kontrakten salsjef Håkon Woldsund har gått ut med. Illustrasjon/foto: Evotec.
Nytt

Håvar inn i fiskerimarknaden

Evotec meir enn dobla inntektene i fiskerimarknaden frå 2020 til 2021 og kan få ny dobling i år.

20.01.2022

Ulstein-selskapet sine elektriske vinsjar sparer tid og vekt i høve til hydrauliske vinsjar, og det har slått an hos fiskebåtreiarane.

I 2020 var Evotec sin ordreinngang frå fiskerimarknaden på 50 millionar kroner. I fjor var ordreinngangen omlag 120 millionar og i år "jobbar vi mot 200 millionar", seier Evotec-sjef Jogeir Romestrand.

I tillegg kjem sal til brønnbåtar og ande båtar i oppdrettsnæringa, der ordreinngangen i fjor var mellom 10 og 15 millionar kroner, ifølgje selskapet.

Selskapet baserer sine vurderingar av 2022 på antal oppdrag dei er i kontakt om og Romestrand seier det ikkje er umogleg med over ei dobling av ordreinngangen også i år.

Mange kontraktar
Den førebelse nyaste kontrakten Evotec i Ulsteinvik har offentleggjort er med reiarlaget Jarle Berg i Værøy, som skal ha Evotec-vinsjar ombord i fiskebåten "Jarle Berg". Fartøyet er teikna av Skipskompetanse i Måløy og blir bygd på Larsnes Mek. Verksted.

Det er ei kontrakt på "pluss/minus 15 millionar kroner", ifølgje salsjef Håkon Woldsund i Evotec. Storleiken på kontraktane i fiskerimarknaden variere mellom dette nivået og opp til over 45 millionar kroner.

Viktigaste marknad
Den sterke veksten i fiskerimarknaden er i ferd med å gjere fiskerimarknaden til den viktigaste marknaden for Evotec.

I 2020 hadde Evotec 107 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på minus 3,3 millionar kroner.

Selskapet er ein del av Entec Group, med søsterselskapet BrimerServitech.

Publisert: 20.01.2022 15:49

Sist oppdatert: 20.01.2022 15:43

Mer om