Wiker er partnar i advokatselskapet Ro Sommernes, og har lang erfaring med store konkursar. Han hadde mellom anna ansvaret for konkursen i enterprenørselskapet K.A. Aurstad i Ørsta og leidde rekonstruksjonforhandlingane i Golden Energy Offshore Management i Ålesund, eit selskap i Golden Energy Offshore Services-systemet.
No er han oppnemd til bustyrer i konkrirsen til Brødrene Aa i Hyen, som melde oppbod i førre veke.
168 tilsette er råka av konkursen.
Meir gjeld enn verdiar
Ifølgje kjennelsen frå Sogn og Fjordane tingrett hadde Brødrene aa 663,5 millionar kroner i gjeld og verdiar for mellom 356 og 500 millionar kroner då det melde oppbod.
Selskapet har heller ikkje pengar til å gjere opp for seg framover.
Skulle møte opp
Dei tilsette vart orientert om at Brødrene Aa melde oppbod på eit allmøte fredag 30. mai.
Der fekk dei beskjed om å møte på arbeid som vanleg i dag, mandag 2. juni.
Kva som skjer framover er det bostyrar som avgjer.
Rekordkontrakt
I 2023 signerte Brødrene Aa si største kontrakt nokon gong. Tre batteridrivne hurtigbåtar til reiarlaget Norled for tilsaman 420 millionar kroner. To av båtane skulle trafikkere strekninga Trondheim-Kristiansund, med batteribyte undervegs. Ein skulle gå i rute i Trøndelag.
Norled kansellerte i april og mai i år først den eine, så kontrakten på dei to andre. Grunngjeving var forseinkingar og for låg fart i høve til energiforbruket. Det utløyste krisa som leidde fram til konkursen.
I tillegg har Brødrene Aa to hurtigbåtar til i ordreboka, ein til Fjord1 og ein til reiarlaget Rødne. Verftet har óg ombyggingsoppdrag for Fjord 1 og ein kontrakt med selskapet The Fjords om ein sightseeingsbåt og ein kontrakt om ein hurtigbåt til for Rødne.
Bygginga av fartøya til The Fjords og Rødne er ikkje starta.
Publisert: 02.06.2025 12:03
Sist oppdatert: 02.06.2025 12:05





