Vard Electro Andrea Qualizza foto Vard 11
VEKST: Vard Electro-sjef Andrea Qualizza har lagt fram eit reknesskap som viser høgare inntekter i 2022 enn den førre rekorden, frå 2014. Foto: Vard
Nytt

Høgare inntekter enn før oljekrakket

Vard Electro har arbeid inn i 2025 og passerte inntekstrekorden frå oljepriskrakk-året i 2014 i fjor.

07.07.2023

Skipselektroselskapet Vard Electro sine inntekter vart halvert frå 2014 til 2016, som ein konsekvens av nedturen i skipsbyggingsmarknaden då offshorreiarane stoppa all nybygging.

Etterpå har inntektene gradvis krype oppover - med unntak av i 2020 - etterkvart som hovudkunden og morselskapet Vard Group fekk nye skipsbyggingsoppdrag kombinerte med at selskapet satsa på å vinne kundar utanfor Vard Group.

Vard Elektro as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt1800,11612,2
Driftsresultat122,093,4
Resultat før skatt116,375,3

Medan skipsbygging på Vard sine norske verft har gått i minus kvart år etter 2013 har Vard Electro gått i pluss kvart år, med unntak av 2018. Målt i nominelle kroner er årets resultat før skatt det høgaste sidane 2015.

Vard Electro har hovudkontor i Tenfjord, og har 697 tilsette fordelt på avdelingar i Noreg, Romania, Italia, India, Singapore, Vietnam, Brasil, Canada og USA.

Publisert: 07.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 07.07.2023 09:08

Mer om