Norwind gale dåp 33
SATSAR PÅ VIND: Vard-skipet Norwind Gale er bygd for Ålesund-reiarlaget Norwind. Det er bygd for vindkraftmarknaden, og blei døypt ved Skansekaia i Ålesund 12. juni i år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nytt minusår for Vard

Strevar med å tene pengar på skipa som blir bygd.

26.06.2023

Årsaka til underskotet i 2022 er først og fremst "den noverande, svært utfordrande spesialiserte fartøysporteføljen, som omfatta forskjellige prosjekt og fartøyttypar under bygging samstundes", skriv Vard Group i årsrapporten for 2022.

Underskotet krympar for fjerde år på rad, men for skipsbyggingselskapet er 2013 framleis siste år med plussresultat.

Har milliardlån og garantiar frå eigaren
Vard Group er eigd av det italienske skipsbyggingskonsernet Fincantieri, som har gitt lån og garantiar som har halde Vard flytande. Vard har ei låneramme på 230 millionar Euro, 2,7 milliardar kroner, frå Fincantieri. I tillegg har Fincantieri lova å stille opp med ytterlegare midlar til Vard og Vard sine datterselskap om dagens låneramme ikkje er nok.

Vard Group driv tre verft på Nordvestlandet - Vard Langsten, Vard Brattvåg og Vard Søvik - to verft i Romania, eitt i Vietnam og eitt i Brasil. Blant datterselskapa er og Vard Accomodation, Vard Electro, Vard Design og Seaonics. Vard Group-tal (sjå tabell under) er imidlertid ikkje eit konsernrekneskap, men omfattar først og fremst verksemda til dei norske verfta. Vard Group har ikkje eit offisielt årsrekneskap, tala for alle Vardselskapa er ein del av konsernrekneskapen til Fincantieri. (Les om Fincantieri-resultatet 2022 i lenka under)

Ventar vekst i vind og olje og gass
Ved utgangen av 2022 hadde Vard Group ei ordrebok på 19,7 milliardar kroner. Den besto av 29 skip, 19 av dei under bygging på verftet i Vietnam. I fjor sysselsette Vard Group 747 årsverk.

Vard har både kystvaktskip, fiskefartøy og skip for vindkraftanlegg til havs under bygging.

I fjor var Vard Group optimistisk til utviklinga både i vindkraftmarknaden og i marknaden for offshorefartøy til olje- og gassutvinning. Den optimismen i held Vard på også i årsrapporten for 2022.

Vard Group as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt6002,26194,2
Driftsresultat-393,2-658,4
Resultat før skatt-423,7-766,1

Publisert: 26.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 25.06.2023 19:43

Mer om