Nedgang i bensinsalet
Illustrasjonsfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Høgaste bensinpris nokon gong i Noreg

Rekordhøge prisar tysdag.

31.05.2022
(NPK-NTB): Prisen på bensin i Noreg var tysdag rekordhøg, med 27 kroner per liter. To bensinstasjonskjeder stadfestar dette overfor TV 2.

Både Circle K og Shell opplyser til kanalen at bensinprisane tysdag er dei høgaste nokosinne i Noreg.

– Av konkurranseomsyn kan vi ikkje oppgi eksakte prisar, verken dagens eller historiske prisar, men det eg kan seie, er at prisnivået vi såg i formiddag på bensin på over 27 kroner, er det høgaste nokon gong i Noreg, seier kommunikasjonssjef Knut Hilmar Hansen i Circle K.

Dette stadfestar også kommunikasjonssjef Lillian Aasheim i St1, som driv Shell-stasjonane i landet.

– Prisrekorden på bensin kom i dag, etter fleire oppgangar den siste tida på grunn av låg produksjon i forhold til etterspurnad, pluss auka oljepris, seier Aasheim.

Ho legg til at prisen notert klokka 12 tysdag var 27,22 kroner på bemanna stasjonar.

Sjefanalytikar Thina Saltvedt i Nordea sa til TV 2 måndag at bensinprisane kjem til å stige dersom EU vedtek oljeembargo mot Russland, noko EU nettopp har gjort.

– Så fort prisen på olje går opp, betyr det at raffineria må betale meir for råolja, og då skal dei sjølvsagt ha meir betalt for produktet dei sel, så det vil du definitivt komme til å sjå, sa Saltvedt.

I tillegg er det endå ein faktor som taler får ytterlegare prisauke framover.

– Sommaren er ein periode der det blir brukt mykje drivstoff, både i Europa og i USA, ifølgje Saltvedt.

Stortingsrepresentant Roy Steffensen (Frp), som sit i finanskomiteen, ber finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) reagere.

(©NPK)

Publisert: 31.05.2022 15:36

Sist oppdatert: 31.05.2022 15:40

Mer om