Helge orten loen foto marius 11
IKKJE FORLIK: Finanspolitisk talsperson Helge Orten meiner Stortinget må krevje at fleire modellar av lakseskatten blir greidde ut. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Høgre avviser lakseforlik

Høgre meiner forslaget ikkje gir grunnlag for breitt forlik på Stortinget, slik regjeringa ønskjer.

28.03.2023

NPK-NTB: – Dette er ikkje godt nok, seier finanspolitisk talsperson for Høgre Helge Orten etter at regjeringa tysdag la fram forslaget sitt til grunnrenteskatt på havbruk, også kalla lakseskatt.

Mellom anna foreslår regjeringa å setje skattesatsen til 35 prosent.

Ikke lytta godt nok
Orten meiner regjeringa ikkje har lytta godt nok til dei innspela som har komme.

– Viss det skal vere grunnlag for eit breitt forlik, så meiner eg Stortinget må ta grep og krevje at fleire modellar blir greidde ut, særleg forslaget om inntektsgradert produksjonsavgift, seier Orten.

Uryddig prosess
Han meiner heile prosessen har vore svært uryddig og ikkje bidreg til å skape ro og føreseielegheit, men auka politisk risiko for å investere i Noreg.

– Fleire leverandørar til havbruksnæringa varslar om at ordrebøkene er i ferd med å gå tomme, og eg er bekymra for at det kan bety permitteringar og oppseiingar i tida som kjem. I staden for nye investeringar, vekst og utvikling i ei næring der Noreg er verdsleiande, risikerer vi no full brems som følgje av skattepolitikken til regjeringa, seier Orten.

Publisert: 28.03.2023 09:08

Sist oppdatert: 28.03.2023 10:58