Moncia Molvaer Foto Hans Kristian Thorbjornsen
FALLER: Høgre faller i fersk måling for Møre og Romsdal. Monica Molvær som er partiet sin listetopp, er likevel inne på Stortinget i denne målinga. Frp ville fått 3 representantar, Ap 2 og Sp 1 om valresultatet vart som målinga. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen
Nytt

Høgre på 9 prosent i Møre og Romsdal

Jamstore med Senterpartiet i ny måling.

04.09.2025

(NPK-NTB): Frp er klart størst i Møre og Romsdal med 31 prosent oppslutning, medan Høgre har falle til berre 9 prosent, ifølgje ei ny måling.

Høgre fell med 3 prosentpoeng frå august til september på ei måling for Møre og Romsdal i september, gjennomført av Respons. Partiet fell frå 12 til 9 prosent, og er dermed jamstore med Senterpartiet som får 8,9 prosent.

– Ni prosent for Høgre er så oppsiktsvekkjande at vi måtte sjekke og sjekke tala for å sjå om det var gjord nokon feil, seier seniorrådgivar Ivar Eidset i Respons til Romsdals Budstikke , som står bak målinga saman med Sunnmørsposten og Tidens Krav.

Framstegspartiet størst
Høgres førstekandidat meiner målinga ikkje samsvarer med det partiet opplever under valkampen i fylket.

– Vi lèt oss ikkje vippe av pinnen og har tenkt å stå på heilt fram til måndag. Det er då den endelege fasiten kjem, seier Monica Molvær til avisa.

Størst på målinga er Framstegspartiet med 30,6 prosent. Partiet var også størst ved valet i 2021, då med 22,1 prosent oppslutning. Arbeidarpartiet går noko fram til 22,9 prosent, medan Senterpartiet omtrent er halvert til 8,9 prosent sidan sist val.

Venstre under sperregrensa
Raudt, SV, MDG og KrF er alle over sperregrensa på 4 prosent, medan Venstre fell under på 3,2 prosent.

Målinga vart gjord frå måndag til onsdag denne veka og har ein feilmargin på mellom 2 og 3,5 prosentpoeng.

Målinga i sin heilskap ser slik ut, med endring frå sist måling i august i parentes: R: 4,1 (+0,2), SV: 4,7 (-0,7), MDG: 5,2 (+1,4), Ap: 22,9 (+0,9), Sp: 8,9 (+1,4), V: 3,2 (-0,1), Krf: 7,3 (+1,0), H: 9,0 (-3,0), Frp: 30,6 (-0,7), andre: 4,1.

(©NPK)

Publisert: 04.09.2025 23:09

Sist oppdatert: 04.09.2025 23:09

Mer om