Bjarte Aambø tv Edgar Sandanger foto Ogne
TAP: Etter fem rundar i rettsvesenet har Høgsterett sett punktum for striden mellom Edgar Sandanger (til høgre) og Norway Royal Salmon. Til venstre Sandangers advokat Bjarte Aambø.
Nytt

Må betale 4,4 millionar

Høgsterett vil ikkje behandle anken i striden mellom Edgar Sandanger og Norway Royal Salmon.

11.03.2021

Lagmannsretten dømde i fjor Edgar Sandanger til å betale Norway Royal Salmon 4,4 millionar kroner i erstatning etter ein handel med laks.

Dommen vart anka til Høgsterett i november i fjor, men ankeutvalet i Høgsterett har forkasta anken, ifølgje Sandanger sin advokat, Bjarte Aambø, i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz.

Dermed blir det ingen ny behandling i Høgsterett og dommen frå lagmannsretten er rettskraftig.

Strid om lastebilar med fisk
Striden mellom Edgar Sandanger og Norway Royal Salmon gjeld betaling for fem av i alt 15 lastebilar med laks. Desse blei levert frå Norway Royal Salmon til salsselskapet Sunsea Seafood på Moltustranda våren og sommaren 2017.

Norway Royal Salmon meinte Sunsea Seafood ikkje hadde betalt som avtalt, og gjekk til sak med krav om erstatning.

Kravet var retta mot konkursbuet til Sunsea Seafood - som gjekk konkurs i 2018 - og mot dåverande dagleg leiar og hovudaksjonær Edgar Sandanger, og mot driftsleiaren i produksjonsselskapet Sunsea (som også gjekk konkurs).

Driftsleiaren vart frikjent i tingretten, men ikkje Sandanger.

Fleire rundar i retten
Sandanger anka dommen i tingretten, men også lagmannsretten gav Norway Royal Salmon medhald i erstatningkravet mot Sandanger.

Den første dommen vart oppheva av Høgsterett, etter ei anke, og sendt attende til lagmannsretten fordi Høgsterett meinte dommen ikkje var godt nok grunngjeven.

Også andre gangs behandling i langmannsretten gjekk i Sandangers disfavør, og no har altså Høgsterett sagt stopp for fleire rundar i retten.

Publisert: 11.03.2021 16:00

Sist oppdatert: 11.03.2021 16:12

Mer om