I drift utan motorkraft og mannskap
Sjå video frå redningsaksjonen.
Lasteskipet Eemslift Hendrika gjekk måndag kveld på autopilot i Norskehavet, men i 23-tida mista fartøyet motorkraft.
Lasteskipet sende måndag formiddag ut nødsignal etter at lasta forskauv seg og skipet fekk slagside.
Heile mannskapet om bord i det nederlandske lasteskipet er berga i land, og skipet var natt til tysdag i drift etter at det mista motorkrafta.
Sjå ny video frå redningsaksjonen
Ved 4-tida låg lasteskipet rundt 70 nautiske mil nordvest for Ålesund – rundt 130 kilometer. Skipet driv sørover med ein fart på 2–3 knop og hadde ved midnatt ei slagside på 45 til 50 grader.
Fartøyet var lasta med servicebåtar som skulle til Trøndelag, ifølgje Adresseavisen.
Flyt framleis
Hovudredningssentralen seier til NTB tidleg tysdag morgon at skipet framleis held seg flytande, og det ikkje er fare for at skipet skal drive i land med det første.
Kystverket har sendt kystvaktskipet Sortland ut for å overvake havaristen. Kystvakta er venta å vere framme ved Eemslift Hendrika i løpet av ettermiddagen tysdag.
Kystverket opplyser til NTB at det er 353 kubikk råolje, 75 kubikk diesel og 10 kubikk smørjeolje om bord i skipet. Vaktoperatør Kjetil Hagen ved Hovudredningssentralen sa måndag kveld til NTB at det er fare for at skipet vil kantre, og då vil drivstoffet leke ut i sjøen.
– Når kapteinen valde å forlate skipet, var det fordi dei var redde for at fartøyet kunne kantre. Så det er ein overhengande fare for at det vil skje, seier Hagen.
No er det opp til reiarlaget og Kystverket korleis skipet og lasta skal bergast.
– Ikkje så mykje å gjere
Vaktleiar Ingrid Lauvrak i Kystverket seier til Sunnmørsposten at dei er dialog med eigaren av båten.
– Men vi må vere realistiske og ser at det kanskje ikkje er så mykje å gjere slik situasjonen er no. Vêrforholda er veldig utfordrande, siger ho.
Ifølgje HRS vil uvêret tidlegast lette onsdag ettermiddag.
Fiskefartøyet Veststeinen melde like før midnatt at dei hadde forlate havaristen som dreiv i kraftig vind og 15 til 18 meter høge bølgjer. Det skriv skipper Jarl-Magne Silden på Facebook.
– Båten driv no på sida med 45 til 50 graders slagside, skriv han
Publisert: 06.04.2021 07:55
Sist oppdatert: 06.04.2021 10:27