NTB 90 SS28mnc E4
TAFJORDFJELLA: Fieldfarehytta ligg skjult i ei fjellside i Tafjordfjella. Foto: Runar Eidslott / DNT / NPK
Nytt

I fotspora til sabotørane i Kompani Linge

I august opnar ei ny «Historisk vandrerute» som lét deg gå i fotspora til Fieldfarehytta – og til sengs – med sabotørane.

NPK
06.08.2022

(NPK-Peder Skjelten) Under andre verdskrigen bygde norske motstandsmenn Fieldfarehytta for å skjule seg for tyskarane medan dei saboterte jernbana like ved.

Inne i eit berg ved ein innsjø i Tafjordfjella på Sunnmøre, ikkje langt frå fylkesgrensa til Innlandet, ligg der ei godt skjult hytte.

Hytta er skjult av ein god grunn. Den er ein kopi av den originale hytta, bygd i 1944 av motstandsmennene Olav Aarsæther, Joachim Rønneberg og Birger Strømsheim frå Kompani Linge. Dei bygde den for å skjule seg frå tyskarane under andre verdskrigen, medan dei dreiv sabotasje på det lokale jernbanesambandet gjennom Romsdalen til Åndalsnes.

I dag er hytta ein del av hyttenettverket til Den norske turistforeininga (DNT). Frå 6. august i år blir hytta òg ein del av «Historiske vandreruter» til Riksantikvaren.

Sabotasjeaksjon
Joachim Rønneberg og Birger Strømsheim hadde tidlegare vore med på sabotasjeaksjonen mot tungtvannsfabrikken på Vemork i 1943. Etter nokre månadar tilbake i Storbritannia blei dei rekruttert til Fieldfareoperasjonen. Rønneberg blei operasjonsleiar, og med seg fekk dei òg Olav Aarsæther.

Operasjonen skulle hindre tyske flyttingar ved å drive sabotasje mot kommunikasjon og jernbane i Romsdal og Lesja.

Mars 1944 kom gruppa i fallskjerm over Tafjordfjella på Sunnmøre. Dei heldt til i fjella i nesten eitt år før dei fekk ordre frå London om å starte sabotasjen mot Raumabanen. I byrjinga av januar 1945 sprengde dei Stuguflåten bru, som resulterte i tre vekers stopp på Raumabana.

Under operasjonen budde motstandsmennene delar av tida i Veltdalshytta. For å minske sjansane for å bli oppdaga bygde dei Fieldfarehytta i juni 1944. Hytta låg ein kilometers veg unna Veltdalshytta og var godt kamuflert i ei fjellside.

Bygde kopi
Etter krigen fall Fieldfarehytta saman. I 1990 bygde Joachim Rønneberg ein kopi av hytta og gav ho i gåve til DNT Sunnmøre. I dag er ho museum og nødbu med tre sengeplassar 1180 meter over havet.

Frå 6. august blir Fieldfare-ruta i Tafjordfjella del av «Historisk vandrerute», laga i eit samarbeid mellom Riksantikvaren og DNT. Ruta baserer seg på rørslene til Aarsæther, Rønneberg og Strømsheim under den siste delen av andre verdskrigen.

Spesielt tilknytt DNT
– Dette er ein måte å skape interesse rundt ruta og historia som ligg bak, som er ein stor del vår historie, seier Tone Drabløs ved DNT Sunnmøre til Nynorsk Pressekontor.

DNT Sunnmøre har frå før ei spesiell tilknyting til Fieldfarehytta.

– Joachim Rønneberg var kjend i Tafjordfjella som ungdom og budde på hyttene der. Etter krigen blei han den første tilsette i Ålesund-Sunnmøre Turistforeining, forløparen til dagens DNT Sunnmøre, og var sentral i foreininga i fleire år, seier Drabløs.

– I hytta ligg det knappesøveposar som var autentiske for si tid, og kvar seng er merkt med namnet på den som søv der.

NTB s Af7f Rs C Hz Q
RØNNEBERG: Joachim Rønneberg ved Fieldfarehytta i 1990. Saman med Birger Strømsheim og Olav Aarsæther bygde han den originale hytta i 1944. Foto: Per Roger Lauritzen / NPK

Går forbi kulturhistoriske landemerke
Målet med dei Historiske vandrerutene er å gi friluftsopplevingar i kombinasjon med unik kulturarv.

I dag er der 14 slike vandreruter rundt om i Noreg. Avdelingsdirektør Elisabeth Dahle ved Riksantikvaren seier det har blitt ei større interesse for regionale- og lokale kulturarvar i Noreg.

– Vi har inntrykk av at dette er populært hos publikum. Det gir ei ekstra oppleving til naturopplevinga. Det er ikkje alltid lett for folk å vite at dei går forbi ei gravrøys eller ei fangstgrav som er fleire tusen år gammal, seier Dahle til Nynorsk Pressekontor.

Fleire av dei Historiske vandrerutene er tilgjengelege på DNT si nettside Ut.no og er spreidde utover Noreg. Nokre turar skal vere lette, andre meir krevjande, men til felles skal dei ha at dei går gjennom norsk kulturhistorie.

Fleire av vandrerutene går gjennom gamle ferdselsårer som har vore brukt i fleire tusen år tilbake i tid. Tafjordfjella er den andre som tek føre seg nyare tid, då andre verdskrigen. Den første var flyktningruta frå Østmarka i Oslo til Sverige.

Ei historisk vandrerute i kvart fylke
Riksantikvaren ønskjer å ha ei historisk vandrerute i kvart fylke i Noreg. Samarbeidet med lokale DNT-lag er avgjerande for at tilbodet skal bli tilrettelagt godt nok.

– Vi har spennande kulturminne i heile landet. I dette tilfellet var det DNT Sunnmøre som stod i bresjen for å tilrettelege ruta. Slikt lokalt engasjement er vi klart avhengige av, seier Dahle.

Også Veltdalshytta, der Aarsæther, Rønneberg og Strømsheim budde før dei bygde Fieldfarehytta, er no eit museum. Hytta var opphavleg ei anleggsbrakke frå 1920-talet då det var kraftutbygging i fjella. Den var i bruk fram til på 1980-talet, då det blei bygd ei ny og større hytte. Veltdalsbu blei gjort om til museum over kraftutbygginga, men det er òg gjenstandar frå aksjonen til utstilling der.

NTB my0 Ob Rm3my8
FIELDFAREMØTE: Frå venstre: Birger Strømsheim (t.v.), Olav Aarsæther og Joachim Rønneberg samla igjen på Fieldfarehytta. Foto: DNT

Historiske vandreruter
* Flyktningruta – Minne etter andre verdskrigen som framleis er synlege langs fluktruta frå Oslo til Sverige.

* Hallingskeidvegen – Vegen frå Osa og oppover i Høgfjellet, i Ulvik herad, har vore nytta til ferdsel i uminnelege tider.

* Malmveien – Frå Røros til Femundsmarka gjennom eit landskap prega av menneskeleg aktivitet i tusenvis av år.

* Historisk vandrerute i Jotunheimen – Ei vandring i DNTs historie med Vinje, Grieg og Ibsen.

* Reisadalen – Oppdag spor i landskapet etter tre folks bruk av naturen gjennom hundrevis av år.

* Brudleruta – I Josdalsheia ser du fysiske minne etter tidlegare brudeferder.

* Jacobineruta – Ferdsel til lands og langs fjorden i Drøbaksundet gjennom 1800-talet.

* Driftavegen gjennom Viglesdalen – Gamal drifteveg og ferdselsåre frå Rogaland mot aust.

* Stølsruta i Valdres – Vandring i levande stølslandskap.

* Telegrafruta – Oppdag spor frå den nedlagde telegraflinja over Saltfjellet.

* Ferdselsvegen over Kamperhamrane – Ei av dei eldste ferdselsvegane mellom aust og vest i Noreg.

* Aurlandsdalen – Aurlandsdalen har vore ferdselsveg mellom aust og vest i fleire hundreår.

* Fieldfareruta- Følg fotspora til norske motstandsmenn. Opnar august 2022.

* Postruta over Finnmarksvidda – Opnar hausten 2022.

Kjelder: Store norske leksikon om Fieldfarehytta og Joachim Rønneberg og historiskevandreruter.no.

Publisert: 06.08.2022 12:00

Sist oppdatert: 05.08.2022 21:28

Mer om