Kongsberg Maritime er framleis i ein prosess med å redusere arbeidstokken ved tidlegare Rolls-Royce-avdelingane på Nordvestlandet.
Når det gjeld reduksjonane i skipsdesign-avdelingane i Ålesund og Hjørungavåg er ein no i mål.
– Generelt kommenterer vi ikkje rykte, men det er kjent at vi har slitt med lønsemda innen skipsdesign og dessverre må tilpasse oss denne verkelegheita, seier ho til NETT N0.
Ho viser til dei kvartalsvise oppdateringane til marknaden frå Kongsberg-konsernet, og fortel at dei ikkje vil dele detaljar per avdeling utanom dette.
– Det er aldri kjekt med nedbemanning, men dialogen mellom oss tillitsvalte og leiinga er opplevd ryddig gjennom prosessen, seier han til NETT NO.
Borgundvåg fortel at den tidlegare avdelinga «Ship Design & System» har blitt omorganisert, og lagt innunder «Energy & Systems».
– Bedrifta har mellom anna omorganisert verksemda slik at «den nye» skipsdesignavdelinga som består av «Ship Design Solutions» og «Ship Design Engineering», skal ha meir tid og fokus på våre kjerneoppgåver innanfor skipsdesign, fortel Borgundvåg.
Samtidig skal arbeidet med systemintegrasjon inn i ein ny organisasjon og gjerast av dedikerte tilsette. Her er det flytta over fleire som tidlegare jobba i «Design & System»-avdelinga.
– Leiinga i vår nye organisasjon har ein uttalt målsetting om at vi skal bli verdsleiande på skipsdesign på innan spesifikke fartøystyper – og samtidig har meir fokus på systemintegrasjon, seier Borgundvåg.
I haust presenterte Kongsberg Maritime utvikla saman med Salt Ship Design. Dette samarbeidet blei innleia før oppkjøpet av Rolls-Royce.
I november opplyste konsernet at dei håpa å vere ferdig med prosessen i skipsdesign innan jul, men for dekksmaskineri stod prosessen «litt på hald», fortalde .
Fleire kontraktar som er i «kjømda» var ei av årsakene til at ein meinte det var lurt ta seg betre tid. At Lisa Edvardsen Haugan er tilsett som ny leiar for dekksmaskineri, er ei anna av årsakene. Ei arbeidsgruppe med tilsette og tillitsvalte skal kome med innspel til vegen vidare for Deck Machinery & Motion Control-verksemda.
Kongsberg er no ein av dei største private arbeidsgjevarane på Nordvestlandet med kring 1500 tilsette i Ulsteinvik, Hjørungavåg, Ålesund, Brattvåg og Longva.
Når det gjeld reduksjonane i skipsdesign-avdelingane i Ålesund og Hjørungavåg er ein no i mål.
– Må tilpasse oss
Kjelder med innsikt i prosessen har opplyst til NETT NO at det har det vore 14 reine skipsdesignarar – og at talet vil ende på sju. Det vil ikkje kommunikasjonsdirektør Annete Bonnevie Wollebæk verken stadfeste, eller avkrefte.– Generelt kommenterer vi ikkje rykte, men det er kjent at vi har slitt med lønsemda innen skipsdesign og dessverre må tilpasse oss denne verkelegheita, seier ho til NETT N0.
Ho viser til dei kvartalsvise oppdateringane til marknaden frå Kongsberg-konsernet, og fortel at dei ikkje vil dele detaljar per avdeling utanom dette.
Meir spissa oppgåver
Nito-tillitsvalt Stig Ole Borgundvåg i Hjørungavåg fortel at prosessen frå bedrifta si side har vore god, men vil ikkje kome inn på konkrete tal:– Det er aldri kjekt med nedbemanning, men dialogen mellom oss tillitsvalte og leiinga er opplevd ryddig gjennom prosessen, seier han til NETT NO.
Borgundvåg fortel at den tidlegare avdelinga «Ship Design & System» har blitt omorganisert, og lagt innunder «Energy & Systems».
– Bedrifta har mellom anna omorganisert verksemda slik at «den nye» skipsdesignavdelinga som består av «Ship Design Solutions» og «Ship Design Engineering», skal ha meir tid og fokus på våre kjerneoppgåver innanfor skipsdesign, fortel Borgundvåg.
Samtidig skal arbeidet med systemintegrasjon inn i ein ny organisasjon og gjerast av dedikerte tilsette. Her er det flytta over fleire som tidlegare jobba i «Design & System»-avdelinga.
– Leiinga i vår nye organisasjon har ein uttalt målsetting om at vi skal bli verdsleiande på skipsdesign på innan spesifikke fartøystyper – og samtidig har meir fokus på systemintegrasjon, seier Borgundvåg.
Les meir:
Har hatt fleire prestisjeprosjekt
Dei siste åra har skipsdesignarane i Ålesund og Hjørungavåg jobba med ein rekke prestisjeprosjekt. Mellom anna har dei hatt designjobben på dei nye hurtigruteskipa bygd ved Kleven og dei nye forskingsskipa til Norge og Storbritannia.I haust presenterte Kongsberg Maritime utvikla saman med Salt Ship Design. Dette samarbeidet blei innleia før oppkjøpet av Rolls-Royce.
«Litt på hald» i dekksmaskineri
Det var i september at Kongsberg gjekk ut med at dei truleg vil redusere med kring 130 årsverk på Sunnmøre i næraste framtid.I november opplyste konsernet at dei håpa å vere ferdig med prosessen i skipsdesign innan jul, men for dekksmaskineri stod prosessen «litt på hald», fortalde .
Fleire kontraktar som er i «kjømda» var ei av årsakene til at ein meinte det var lurt ta seg betre tid. At Lisa Edvardsen Haugan er tilsett som ny leiar for dekksmaskineri, er ei anna av årsakene. Ei arbeidsgruppe med tilsette og tillitsvalte skal kome med innspel til vegen vidare for Deck Machinery & Motion Control-verksemda.
Kongsberg er no ein av dei største private arbeidsgjevarane på Nordvestlandet med kring 1500 tilsette i Ulsteinvik, Hjørungavåg, Ålesund, Brattvåg og Longva.
Les også:
Publisert: 20.12.2019 17:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48






