I pluss med kort horisont
Tidshorisonten til Hasund Mek. Verksted er frå dag til dag, og veke til veke.
– Eg kjenner ikkje til noko anna. Ein må svi mens jarnet er varmt, seier dagleg leiar og medeigar Vegard Hasund i Hasund Mek Verksted i Ulsteinvik.
Dei fire tilsette i bedriftar lagar mindre stålkonstruksjonar og skjer stål til utstyrsindustrien. Snittordren ligg på cirka 20.000 kroner per oppdrag og rekneskapshistorikken til selskapet viser at 2023 var det åttande på rad med overskot.
Overskotet utgjorde nesten 14 prosent av driftsinntektene i fjor.
– Vi er bruktbart fornøgd, seier Hasund.
Eigarendring
Snart 80 år gamle Hasund Mek. Verksted er ei familieigd bedrift med andre og tredje generasjon på eigarsida.
I løpet av 2023 selde Øyvind Hasund seg ned frå 33,33 prosent eigarandel, til 15 prosent. Han er onkel til Vegard Hasund, og har tidlegare vore dagleg leiar i selskapet.
Vegard Hasund sitt selskap, Hasund Invest auka sin eigarandel frå 13,52 til 16,83 prosent og Solvoll Invest auka sin eigarandel frå 53,15 til 68,17. Solvoll Invest er eigd av Vegard Hasund, saman med søsken og mor.
27 skipsskrog
På det meste var bedrifta oppe i 60 tilsette, og i perioden 1964 til 1982 vart det levert 27 skipsskrog frå bedrifta.
Etterkvart som skrogbygginga vart flytta til utlandet krympa inntektene, og dermed også arbeidsstokken.
Hasund Mek. Verksted as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 10,1 | 11,6 |
Driftsresultat | 1,2 | 1,6 |
Resultat før skatt | 1,4 | 1,6 |
Publisert: 19.02.2024 11:36
Sist oppdatert: 19.02.2024 11:52