Odd Emil Ingebrigtsen og Roar Aasen
SAMDE: Struktureringa har nådd ei grense. Vi treng dei båtane som er att, meiner dagleg leiar Roar Aasen i Fosnavaag Pelagic. Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen er samd, og meiner det ikkje trengst meir strukturering no. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Ikkje behov for meir strukturering

Fiskeri- og sjømatministeren meiner at fiskerinæringa no treng stabilitet.

15.07.2021

- Det er ikkje behov for meir strukturering av fiskeflåten no. Vi treng ikkje fleire større eigarar. Det vi no treng er å ha stabilitet og få større verdiskaping av dei ressursane vi har tilgjengeleg.

Det seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Ingebrigtsen var på rundtur på Sunnmøre tysdag og onsdag. I Fosnavåg vart han utfordra av dagleg leiar Roar Aasen ved Fosnavaag Pelagic. Han meinte at struktureringa innanfor ringnot og stor kystflåte hadde nådd ei grense.

- Vi treng dei båtane vi har i dag. Færre båtar vil gi færre arbeidsplassar, sa Aasen.

Ulike interesser
Stortingsrepresentant Helge Orten (H) opplyste at partiet har programfesta å behalde den strukturen og ressursfordelinga som ein har i dag.

Men han la til at det er motstridande interesser.

- Vi skal ikkje seie at det aldri vil skje meir strukturering, men slik situasjonen er i dag meiner eg at det ikkje er behov for det, sa Ingebrigtsen.

Odd Emil Ingebrigtsen Herøy
FOSNAVÅG: Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (ståande) i møte med Herøy-fiskarar. Foto: Kjetil Haanes
Vi treng dei båtane vi har i dag. Færre båtar vil gi færre arbeidsplassar
Roar Aasen

Aukande proteksjonisme
Roar Aasen opplyste at selskapet omsette for 347 millionar kroner i fjor, og truleg når 400 millionar i år.

40.000 tonn råstoff mottok Fosnavåg-anlegget i fjor, der 32.000 tonn var sild. I tillegg har ein satsa stort på produksjon av silderogn, men Aasen såg ein klar tendens til at fleire nasjonar vart meir proteksjonistiske, der ein leverer fisken i heimlandet, sjølv om det er kortare veg til Norge.

- Færøyane og Island har vore førande, men no ser vi også at det nesten ikkje er irske båtar som leverer makrell i Norge. Dei går heim, sjølv om avstanden er mykje lenger.

Viktig auksjonssystem
Aasen var også opptatt av å verne om auksjonssystemet gjennom Norges Sildesalslag.

- Om vi skal over på eit kontraktssystem med kvar enkelt ringnotfartøy, fryktar eg at vi som ein liten aktør vil forsvinne. Då vil det for reiarane vere lettare å velje ein aktør som har mange anlegg langs kysten

Fiskebåtreiar Torbjørn Hide på Smaragd var samd.

- Vi håper også at auksjonssystemet vil bestå. Dei små må få sleppe til, og det er ingen tvil om at Roar Aasen og dei mindre anlegga er med å presse opp prisane.

Publisert: 15.07.2021 05:50

Sist oppdatert: 15.07.2021 06:11