Sigurd Teige og Odd Emil Ingebrigtsen
DIALOG: Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (t.h.) inviterer fiskerinæringa til dialogmøte om avgifter og grøn satsing. Fiskebåtreiar Sigurd Teige deltar. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Samlar departement og næring om CO2-avgifta

Tre departement skal delta saman med fiskerinæringa for å prøve å finne ei løysing på korleis ein skal gjere fiskerinæringa grønare utan at kostnadene vert for store.

14.07.2021

- Vi ønsker å stoppe utsleppa, men ikkje stoppe utviklinga.

Det seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.

Under eit besøk i Herøy onsdag, opplyste Ingebrigtsen at det alt i august vert innkalla til dialogmøte rundt regjeringa sin klimaplan og konsekvensane for fiskerinæringa. Tre departement skal delta. I tillegg til nærings- og fiskeridepartementet og klima- og miljødepartementet, vil også representantar frå finansdepartementet delta.

I tillegg vert det kalla inn representantar for næringa.

- Vi ønsker å samle aktørar der vi i fellesskap kan finne dei gode løysingane, seier Ingebrigtsen.

Teige er invitert
Ein som allereie er invitert er fiskebåtreiar Sigurd Teige i Herøy. Han synst dette er ein god ide.

- Ja, dette trengst.

Han har markert seg som ein sterk motstandar av planane om ei tredobling av CO2-avgifta.

- Det må vere muleg å lage eit opplegg som gjer at næringa kjem inn på rett veg miljømessig samstundes som at dette ikkje vert så dyrt at det vil ruinere næringa og føre til endå meir behov for strukturering.

Billegare lån og dyrare fisk
Odd Emil Ingebrigtsen fekk onsdag høyre meir om Teige-reiarlaget sitt nyaste prosjekt, bygginga av trålaren Sunny Lady, der ein i tillegg til diesel, også skal nytte gass og batteri.

Teige sa at målet er å drive utsleppsfritt, men at teknologien ikkje er kome så langt at det er muleg.

- Å druse på med masse avgifter er ikkje løysinga. Vi må først ha teknologi som gjer ei fullstendig grøn omlegging muleg, sa han.

Han sa at gjennom ei grøn satsing får ein i dag billegare renter i banken, og i tillegg betre betalt for fisken i Tyskland.

- Vi vil ha billegare rente og høgare pris for fisken. Vi satsar grønt, men utan å verte kompensert for den auka CO2-avgifta er det dei færraste som i dag kan satse grønt.

Må ha kjempebåtar
Han viste til at Sunny Lady får om bord ein 27 meter lang gassbehaldar, i ein båt som er 87 meter.

- Om vi skal ha ammoniakk, må båten vere 100 meter, om vi skal ha ein hydrogendriven båt, må båten vere 150 meter.

- Sævik sine nye Kystruter er 122 meter lange. Skal vi ha fiskebåtar som er 150 meter lange for at dei skal vere heilt utsleppsfrie med dagens teknologi? spurde Teige.

Han viste til at dersom ein berre satsa på batteridrift, ville det i dag vere behov for 3.000 tonn med batteri om bord.

- Då hadde vi ikkje hatt plass til fisk.

Sunny
SUNNY LADY: Så mykje større må nybygget Sunny Lady vere med utsleppsfrie løysingar ved bruk av dagens teknologi. Foto: Kjetil Haanes

Etterlyser insentivordningar
Teige meinte at det no er LNG-framdrift vegen å gå for havfiskeflåten, fordi det ikkje finst anna alternativ teknologi.

- Vi vil gjerne gå den vegen, men då må det finnast insentivordningar som stimulerer til ei slik satsing.

- Regjeringa har ei slik satsing på elbilar, men ingen satsing for fiskeflåten, der effekten er mykje større, sa Teige.

Vil ha meir fokus på NOx
Han etterlyste også større fokus på NOx-utslepp, og ikkje så mykje på CO2.

- På Sunny Lady får vi ein NOx-reduksjon på 85 prosent. Det utgjer like mykje som utslepp frå 100.000 bilar, truleg like mykje som alle bilar i Møre og Romsdal til saman.

- Det er viktig å setje inn fokus der effekten er størst, sa Teige, som var skuffa over Høgre.

- Ingen i Herøy har lenger medlemskap i Høgre enn meg, men i denne saka er eg skuffa. Her er det på høg tid at Høgre tek grep som eit styringsparti.

Å druse på med masse avgifter er ikkje løysinga. Vi må først ha teknologi som gjer ei fullstendig grøn omlegging muleg
Sigurd Teige

Publisert: 14.07.2021 11:41

Sist oppdatert: 16.07.2021 12:16

Mer om