Ikkje ramma av virustiltak so langt
IKKJE RÅKA: Besøket av kinesiske turistar til regionen tek seg først opp mot sommaren. Benthe Langeland ved Storfjord Hotel fortel at dei ikkje har hatt kanselleringar etter reiseforbodet. 
Nytt

Ikkje ramma av virustiltak – so langt

Kinesisk utreiseforbod har ikkje gitt kanselleringar hos dei reiselivsaktørane NETT NO har vore i kontakt med på Nordvestlandet.

Administrator
28.01.2020
Verken Brosundet Hotel i Ålesund, Storfjord Hotell på Glomset eller Hotell Alexandra i Loen har fått kanselleringar som følgje av at kinesiske turistar har fått utreiseforbod for å hindra spreiing av det nye coronaviruset.

Fått tilsendt råd

– Vi er iallfall ikkje råka førebels, men vi hadde nokre kinesiske gjestar seinast i helga, fortel hotelldirektør Camilla Espeseth ved Brosundet til NETT NO.
Tysdag fekk dei tilsendt råd frå Norsk Hotellrådgivning om å handtere eventuelle avbestillingar på ein hyggeleg måte.
Heller ikkje Benthe Langeland ved Storfjord, eller Richard Grov ved Alexandra har høyrt noko frå gjestar som er råka av reiseforbodet.

– Viktig for mange aktørar

Hos Visit Norway reknar ein likevel med at reiselivet vil merke restriksjonane etter kvart – om dei blir langvarige.
– Den kinesiske marknaden er viktig for mange aktørar i Noreg. Det vil nok påverka ein del leverandørar i ganske stor grad, seier Ingunn Sakshaug som marknadsspesialist for Asia og nye marknader hos Visit Norway til NRK.
Ho fortel at kinesiske turistar er svært viktige for Noreg og at det kjem rundt 400.000 turistar hit til landet kvart år. Det er uvisst kor lenge utreiseforbodet i Kina vil vara, men Sakshaug ymtar om at det kan vara heilt fram til mai.

Publisert: 28.01.2020 16:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51