Ekornes Helge Overa stressless foto Marius
MILITÆR STRESSLESS: Salsdirektør Helge Overå i Ekornes med ein type Stressless som dei har levert til kystvaktskipa som Vard har bygd dei siste åra. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Industrien rustar opp

Å bygge dei beste krigsskipa handlar ikkje berre om krut og kanonar. Det gjeld også å ha møblar som ikkje tek fyr.

Marius Rosbach
28.12.2025

For augneblinken blir det jobba på høggir i ulike miljø for å utvikle dei smartaste og beste krigsskipa som skal segle på dei sju hav dei komande åra. 

I langtidsplanen til Forsvaret ligg dei største kontraktane norsk verftsindustri nokon gong har konkurrert om. 

Det har vore spekulert i at verdien for bygging av standardfartøy kan kome opp i 100 milliardar kroner. Det kjem i tillegg til gjenkjøpsavtalar med Storbritannia som følgje av at Noreg kjøper fregattar til ein verdi av kring 130 milliardar. 

Jul- og nyttårsdagane legg NETT NO ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i magasinet. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 

Norsk verftsindustri har med andre ord sjansen til å sikre seg ein solid «botnplanke» med aktivitet det neste tiåret. 

Ekornes sofa brannsikker foto Marius
BRANNSIKKER: Sofaen oppfyller dei strengaste Nato-standardane for brannsikra møblar. Foto: Marius Rosbach

Tøffare krav enn på sivile skip 
Å utvikle dei beste krigsskipa i verda handlar ikkje berre om å ha dei beste våpena om bord. Det handlar også om at ein treng sofaer eller stolar om bord som ikkje tek fyr om fartøyet blir angripe. 

– Brannkrava om bord er mykje tøffare enn på sivile fartøy, fortel Helge Overå, som er salsdirektør for kontraktsmarknaden for Ekornes. 

Møbelprodusenten har i to år jobba saman med Forsvaret om eit prosjekt der dei har utvikla møblar som tilfredsstiller langt tøffare brannkrav enn normalt. 

– Vi lagar allereie møblar med brannhemmande materialar til alle typar sivile skip. Her har vi gjort ekstra tiltak, slik at det ikkje tek fyr, fortel Overå. 

Vi har òg fått konkrete førespurnader frå andre NATO-land
Helge Overå

Møblar med Nato-standard 
Målet var å bestå branntestar etter det som blir kalla Crib 5 og Crib 7 – som også er dei nye Nato-standardane. Det klarte dei då prosjektet var ferdig tidleg i 2025. 

No er modulsofaen Stressless Frida Firesafe mellom produkta som er stilte ut på Ekornes Bua i Ålesund sentrum og tilgjengeleg som «hyllevare» for kundane til møbelprodusenten. 

Fleire saker frå Nett No om Ekornes 

Salsdirektøren er spent på kva sjansar produkta har i ein konkurranse om å levere til dei nye forsvarsskipa her til lands. Ein ting er sikkert: Dei har tenkt å vere med og konkurrere. 

– Vi har òg fått konkrete førespurnader frå andre NATO-land om akkurat denne produktlinja undervegs i prosjektet vi hadde med Forsvarsmateriell, seier han. 

Ekornes skipsmobler foto Marius
SKIPSMØBLAR: Ekornes har i lang tid laga møblar til den maritime marknaden. Her er messeinnreiing og kontormøblar. Foto: Marius Rosbach

– Same komfort og kvalitet 
Overå fortel at Ekornes gjennom fleire tiår har opparbeidd seg erfaring med å utvikle og levere spesialiserte møblar, for eksempel til den maritime bransjen og kontraktsmarknaden elles. 

– Det er samtidig ei fagleg utfordring. Vi skal levere møblar med same komfort og kvalitet. Samtidig må vi klare å standardisere arbeidet slik at det passar inn i produksjonen, fortel han. 

Ekornes leverer allereie slike brannsikre møblar til Equinor på oljeplattformer, og salsdirektøren ser føre seg at fengsel og institusjonar kan vere andre aktuelle kundar for desse møblane. 

Erlend Haugsbo 2 Ulstein betongindustri foto Marius
SPENT PÅ MARKNADEN: Konsernsjef Erlend Haugsbø i Ulstein Betongindustri trur ulike flytande installasjonar er mellom produkta deira som Forsvaret kan vere interessert i. Foto: Marius Rosbach

Betong-bedrift spent på marknaden 
På Haddal i utkanten av Ulsteinvik held betongkonsernet Ulstein Betongindustri koken på 70. året. 

Levering av flytande betongkonstruksjonar i sjø som flåtar, fôrflåtar, servicekaier og oppdrag for bygg- og anleggsbransjen er mellom det som gir volum i produksjonen.   

Eg ser på det som ein av dei mest spennande marknadene dei ti neste åra
Erlend Haugsbø

Den familieeigde bedrifta er òg mellom dei som har starta å snuse på marknaden i forsvarsindustrien. 

– Eg trur at slike flytande betongkonstruksjonane som vi lagar – kombinert med eit stigande havnivå og at vi kan vente oss meir vind og bølgjer – kan passe bra inn i behova til forsvaret framover, seier konsernsjef Erlend Haugsbø. 

– Vi er ikkje der i dag, men eg ser på det som eitt av dei mest spennande marknadene dei ti neste åra, legg han til. 

Sjomilitaert senter Kongsberg Alesund foto Ogne
NYTT KONTOR: Kongsbergsjef Geir Håøy klipte snora då konsernet våren 2025 opna eit sjømilitært kontor i Ålesund. Foto: Ogne Øyehaug

Opna sjømilitært kontor i Ålesund 
Kongsberg Maritime er mellom dei store lokomotiva som i lang tid har budd seg på dei komande forsvarskontraktane. 

Allereie i 2019 la konsernet sitt Vanguard-design på bordet som dei meinte ville utgjere ei «dramatisk endring» for marineflåtane. Sidan har Kongsberg utvida samarbeidet til ein rekke verft og leverandørar. 

Konsernet har også opna dørene for eit dedikert sjømilitært kontor i Ålesund leia av Ronny Langset. Han gjorde det klart at det ikkje fanst eit betre område å rekruttere tilsette til kontoret frå enn nettopp Nordvestlandet. 

Det er fleire nasjonar som står og skrapar på døra
Geir Håøy

– Kan gjere oss til ein hovudaktør 
Konsernsjef Geir Håøy var med på opninga i mai 2025. Han la ikkje skjul på at han meinte potensialet i marknaden er stort for den norske industrien. 

– Det er fleire nasjonar som står og skrapar på døra og har dei same behova for å fornye sjøforsvaret sitt, sa han i eit intervju med NETT NO. 

– Norge har ei moglegheit til å lage ei maritim plattform som kan gjere oss til ein hovudaktør for våre vener der ute, la han til. 

Fleire saker om Forsvaret frå Nett No

Statssekretær Marte Gerhardsen i Forsvarsdepartementet fortalde at ho såg dei same moglegheitene då ho var på besøk i Ålesund same månad. 

– Eg trur ikkje vi heilt har teke inn over oss rekkevidda av dette store forsvarsløftet vi no gjer, sa ho til NETT NO. 

Eg trur ikkje vi heilt har teke inn over oss rekkevidda av dette store forsvarsløftet vi no gjer
Marte Gerhardsen

Auka interesse for droneselskap 
Sykkylven-selskapet Griff Aviation planla eigentleg å utvikle dronar for frakt av utstyr i den kommersielle og sivile marknaden. 

Dei seinare åra har dei òg sikta seg inn mot forsvarsmarknaden. I 2023 presenterte sykkylvsselskapet ein drone påmontert utskytingsrøyr for panservernrakettar. 

Same året gjekk dei inn i eit samarbeid med Nammo på Raufoss. Styreleiar Tore Tønseth fortalde til NETT NO sommaren 2025 at den geopolitiske uroa bidreg til auka interesse rundt selskapet. 

– For oss handlar dette om å få ferdigutvikla teknologien – så er marknaden klar, sa Tønseth til NETT NO. 

Marte Gerhardsen tv Gunvor Ulstein Bradley Gunnarstein foto Marius
VERFTSBESØK: Den politiske leiinga i Forsvarsdepartementet på besøk hos Ulstein-konsernet i samband med forsvarskontraktane. Konsernsjef Gunvor Ulstein (nr. 3 f.v.) fortel statssekretær Marte Gerhardsen kva verftet kan tilby. Foto: Marius Rosbach

Ny rekordkontrakt til båtbyggarar 
Ein rekke selskap på Nordvestlandet er allereie leverandørar til forsvarsindustrien i utlandet. 

Maritime Partner kunne vinteren 2025 fortelje om ein rekordkontrakt med det danske forsvaret og kystredningstenesta. Oppdraget med å bygge sju redningsbåtar har ein verdi på over ein halv milliard norske kroner. 

Det er tredje gongen det danske forsvarsdepartementet kjøper fartøy frå ålesundsselskapet. Tidlegare har båtbyggjarane levert over 20 båtar til danskane.

Asle Olav Olsen Simek foto Marius
STORDAL: Asle Olav Olsen og dei andre i Simek lagar dreia delar i stål og metall som kan nyttast på ei rekke ulike måtar – også i forsvarsindustrien. Foto: Marius Rosbach

Lagar det meste i stål og metall 
I Stordal – bygda som tidlegare blei omtala som «stolbygda» – hadde den tidlegare møbelleverandøren Simek «all time high»-omsetning i 2024. 

Årsaka er mellom anna oppdrag til forsvarsindustrien.  Verksemda lagar kort sagt dreia delar i stål og metall som kan nyttast på ei rekke ulike måtar. Konstruksjonar i aluminium kan nyttast til alt frå flyktningleirar, feltsjukehus og kontrollpostar. 

– Vi har ein gjeng med flinke folk og ei rekke gode maskinar. Kva som kjem ut i «den andre enden», er heilt uinteressant, så lenge vi kan leve av det, sa dagleg leiar Asle Olav Olsen til NETT NO då 2024 var omme

Publisert: 28.12.2025 05:00

Sist oppdatert: 26.12.2025 12:42

Mer om