Fride Solbakken Elise Fiske foto Ogne
REKORDSTORE OPPDRAG: Fride Solbakken som leiar Maritimt Forum og Elise Fiske som leiar bransjeorganisasjonen på Nordvestlandet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

– Sikre på at ringverknadene vil vere størst i Møre og Romsdal

I løpet av få månader skal det avgjerast kven som får vere med å kjempe om rekordstore oppdrag til Forsvaret.

Marius Rosbach
20.12.2025

Fredag kom utlysingen av konkurransen som store delar av maritim industri har venta på. 

inviterte Forsvarsmateriell leverandørar til å vere med på design og konseptutvikling av dei nye standardiserte fartøya til Sjøforsvaret. 

– No blir det veldig spennande å sjå korleis dette går, og same kvar det landar er vi sikre på at ringverknadene vil vere størst i Møre og Romsdal, seier leiar Elise Fiske i Maritimt Forum Nordvest til Nett No etter at nyheita blei kjent. 

Omfanget av oppdraga med å bygge 28 skip i to ulike storleiker, er dei største den norske maritime industrien har konkurrert om nokon gong. 

Fiske trur dei fleste aktørane i bransjen var budd på at utlysinga kom no, og at dei er spent på å sette i gang med arbeidet. 

– Vi er veldig glade for å sjå framdrift, og hadde heile vegen forventningar om at konkurransen skulle lysast ut på denne sida av årsskiftet, legg ho til.

Militaere skip foto sjoforsvaret 11
FÆRRE TYPER FARTØY: Det norske forsvaret satsar på færre type fartøy i framtida. Sjøforsvaret skal kjøpe nye fregattar frå Storbritannia og bygge inntil 28 standardiserte fartøy i to storleikar. Illustrasjon: Sjøforsvaret

Vil velje ut tre til seks leverandørar
Fristen for å bli med på kvalifiseringa er sett til 10. januar. Fristen for å levere sjølve anbodet på design og konseptutvikling er sett til 27. februar. 

Etterpå vil det bli valt ut seks til tre aktørar som vil vere kvalifisert til å konkurrere vidare. Det kan også bli færre går det fram av dokumenta i kunngjeringa fredag. Desse vil samtidig har ein rekke underleverandørar. 

Ein rekke aktørar på Nordvestlandet er aktuelle for å delta i konkurransen. 

Ulstein Verft har avtalt med Larsnes Mek. Verksted, at dei kan bygge dei standardiserte fartøya saman. Denne veka la Ulstein Design & Solutions også ut eit utkast til eit design for skipa som inkluderte den karakteristiske X-Bow-baugen.

ULSTEIN Navy2025 illustrasjon ulstein design og solutions
ULSTEIN-DESIGN: Her er eit utkast til Ulstein Group sitt forslag, som blei offentleggjort denne veka med den karakteristiske X-Bow-baugen. . Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions

Verftsdirektør: – Svært aktuell for oss
Få timar etter kunngjeringa blei kjent fredag, hadde ikkje verftsdirektør Lars Lühr Olsen ved Ulstein Verft gått gjennom alle detaljane som blei lagt på bordet. 

Han er likevel tydeleg på at dei framleis ser føre seg å vere med å konkurransen. 

– Ulstein har lang erfaring med å designe og utvikle avanserte fartøy for krevjande oppdrag og forhold. Vi ser denne konseptdesignkonkurransen som svært aktuell for oss, og meiner at våre tankar rundt fleksibilitet, skrogform, energieffektivitet og komfort bør gjere oss til ein aktuell designleverandør, seier han. 

Uroa for garantikrav
Verftsdirektøren fortel at dei vil bruke tida fram til fristen til å vurdere dei ulike kriteria.

Tidlegare har Olsen peika på at strenge garantikrav, kan vere ei utfordring for det familieeigde skipsbyggjarkonsernet. 

Førebels er det ikkje kjent kva for krav som blir stilt på det området. Det vil først bli klart etter at det er valt ut kven som er kvalifiserte. 

Verftskonferansen 2025 fv Oystein Matre Westcon Group Lars Luhr Ulstein Verft Ronny Langset leiar Kongsbergs sjomilitaere kontor Cathrine K Marti Vard og moderator Fride Solbakkken i Maritimt Forum Foto Ogne
PANELSAMTALE: Fleire sentrale aktørar var samla for å diskutere forsvarsoppdraga under Verftskonferansen i Ålesund i november. Frå venstre: Øystein Matre i Westcon Group, Lars Lühr Olsen i Ulstein Verft, Ronny Langset i Kongsberg Defence & Aerospace, Cathrine K. Marti i Vard og moderator Fride Solbakken i Martitimt Forum. Foto: Ogne Øyehaug

Kongsberg Maritime har etablert eit eige sjømilitært kontor i Ålesund, og vil samarbeide med fleire verft – deriblant Green Yard Kleven - om å få vere med i konkurransen.'

Ronny Langset som leiar kontoret til Kongsberg Defence & Aerospace i Ålesund, fortalde til Nett No i haust at dei håpte å få ei rask avgjerd på design av standafartøya.

– Kongsberg er glade for at ein no kjem i gang med konkurransen om standardiserte fartøyer og ser frem til å delta seier han i ein kommentar til Nett No.

Vard er også mellom dei som et høgaktuelle for å vere med å konkurransen. 

Konsernet har vore klare på at dei ønsker å delta i konkurransen om å bygge dei standardiserte skipa. Dei har óg påpeika at ingen har meir erfaring i verftsindustrien langs kysten med å bygge skip til Forsvaret. 

Tidlegare har dei levert fleire etterretningsskip, og i løpet av dei siste åra er dei nye kystvaktskipa bygd av Vard. 

Skal vere kring 90 og 50 meter lange
Då kommandørkaptein Torbjørn Grimeland i Sjøforsvaret deltok på Verftskonferansen i Ålesund letta han på sløret om kva type fartøy forsvaret ønsker seg. 

Han la vekt på at det skal vere mogleg å utruste skipa på ulike måtar. Ubemanna system med dronar eller fjernstyrte farkostar vil truleg vere sentralt, og skipa skal kunne operere som morfartøy for slikt utstyr. 

Torbjorn Grimeland Robin Tomren foto Marius
SENTRALE ROLLER: Kommandørkaptein Torbjørn Grimeland (t.v.) i Sjøforsvaret og prosjektleiar Robin Tomren i Forsvarsmateriell har sentrale roller i prosessen med å kjøpe standardiserte fartøy til forsvaret. Oppdraga vil vere dei største nokon gong til norsk verftsindustri. Foto: Marius Rosbach

Frå før var det kjent at det skal vere 10 større havgåande skip, og 18 mindre fartøy med sokalla kystnær plattform. 

Dei største skipa skal vere kring 90 meter lange og ha ein fart på 18 til 22 knop. Om bord skal det vere eit fast mannskap på 35-45 personar, i tillegg til at det skal vere plass til 20 til 25 andre personar om bord.

Dei kystnære fartøya skal vere kring 50 meter lange og kunne segle med eit fart på opptil 20 knop. Om bord skal det vere plass til eit mannskap på 23-33 personar, i tillegg til 10-15 andre personar. 

Publisert: 20.12.2025 05:00

Sist oppdatert: 19.12.2025 23:40

Mer om