Tafjord tror paa toeffere tider
VIL HA KONTROLL: – På sikt må vi ha eit anna regime, som gir det enkelte landet meir kontroll over eigne energiressursar, seier direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri. Illustrasjonsfoto: Tafjord Kraft
Nytt

Industrien vil reforhandle kraftavtalar

Vilkåra i kraftavtalane mellom europeiske land må reforhandlast, meiner Norsk Industri.

22.12.2021

NPK-NTB: – Energi er ikkje ei vare som øl, poteter eller bananar. Det er ein strategisk ressurs som ikkje kan overlatast til å styrast av reine marknadsmekanismar, seier direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri til Klassekampen.

Han meiner den ekstreme situasjonen med høge straumprisar vil bety at alle land vil konsentrere seg om eiga energiforsyning.

Sikre kontroll
– Vi må ha ein gjennomgang av avtalane med andre land for å sikre at vi har tilstrekkeleg kontroll over energien, seier Lier-Hansen.

Dagens samarbeid med EU og kraftavtalar med Storbritannia tillèt ikkje Noreg å avgrense krafteksporten for å regulere ekstreme prisar eller av omsyn til industrien. Lier-Hansen meiner styresmaktene ikkje bør tillate fleire utanlandskablar slik avtalane er i dag.

– Vi kan ikkje einsidig bryte avtalar, men på sikt må vi ha eit anna regime, som gir kvart enkelt land meir kontroll over eigne energiressursar. Det er ein diskusjon som må skje i heile EU, seier Lier-Hansen.

Publisert: 22.12.2021 11:16

Sist oppdatert: 22.12.2021 11:18