Ulstein verft røravdeling industri 11
OPTIMISMEN AUKAR: Norske industrileiarar har aukande forventningar før andre kvartal i 2021. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Industrileiarar like optimistiske som før korona

Men leverandørindustrien opplever framleis nedgang, viser ferske SSB-tal.

22.04.2021

(NPK-NTB): Produksjonsoppgangen har vore moderat i første kvartal. Industrileiarar flest ser lyst på andre kvartal.

Den samla industriproduksjonen har hatt moderat vekst i det første kvartalet i 2021, mot fjerde kvartal 2020, fortel Statistisk sentralbyrå.

Produsentar av innsatsvarer, typisk eksportretta industri, opplever ein klar oppgang i produksjonen. For konsumvarer er produksjonsvolumet omtrent uendra.

Produsentar av investeringsvarer, ofte omtalt som leverandørindustrien, opplever framleis nedgang. Fleire industrileiarar i dette segmentet har meldt at produksjonen har vorte avgrensa av mangel på kompetent arbeidskraft frå utlandet.

Moderat auke i ordrebøkene
Den samla industrisysselsetjinga i første kvartal er om lag uendra, men produsentar av både innsatsvarer og konsumvarer melder om moderat vekst i sysselsetjinga. Sysselsetjinga innan investeringsvarer er uendra.

Den samla ordrebehaldninga i industrien viser moderat auke i første kvartal. Produsentar av innsatsvarer har ein sterk auke, for investeringsvarer er det inga endring, medan det for investeringsvarer er klar nedgang.

Auka optimisme
Summen av dette gir ein auke i optimismen til industrileiarar før andre kvartal. Ifølgje SSBs oversikt hadde optimismen allereie falle ein del før han nådde botnen i første kvartal 2020.

No er optimismen høgare enn han var i tredje kvartal 2019, og på veg til nivået i første kvartal 2019, som var kvartalet med størst optimisme på mange år.

Produsentar av innsats- og konsumvarer har høgast forventningar.

Totalt produksjonsvolum blir venta å vekse frå første kvartal, og industrileiarane reknar med moderat sysselsetjingsvekst.

Berre produsentar av konsumvarer ventar vekst i sysselsetjinga, medan dei andre produsentane ikkje reknar med noka endring.

(©NPK)

Publisert: 22.04.2021 10:08

Sist oppdatert: 22.04.2021 10:14

Mer om