Ingen kommentar fraa Vard
TAUST: Vard sin kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll har ikkje noko anna å seie enn ingen kommentar. 
Nytt

Ingen kommentar frå Vard

Sjølv om politiet har stadfesta at Vard framleis er under dataangrep er munnen lukka hos Vard.

11.06.2020
- Ingen kommentar, er svaret frå kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll i Vard på alle spørsmål frå NETT NO om dataangrepet som har vart i minst ni dager. Før i dag har NETT NO ikkje lukkast å nå Akselvoll. Det skuldast at det har vore hektisk og at ho ikkje har noko å seie, seier ho.
Når starta det? Korleis blei det oppdaga? Kva er omfanget? Er det kravd løysepengar/betaling? Og kvifor har Vard ingen kommentar?
Svaret på alt er ingen kommentar.

Fincantieri er ikkje råka

Pressetalsmann Christiano Musella i det italienske skipsbyggingskonsernet Fincantieri, som eig Vard, skriv i ein epost at ingen av Fincantieri sine serverar er angripne.
Han vil ikkje gi ytterlegare kommentarar, heller ikkje til at skriv i ein artikkel at ein ikkje namngitt talsperson for Fincantieri seier Vard er utsett for eit angrep med såkalla "ransomware". Løysepengevirus, som det blir kalla på norsk, blir brukt av angriparar for å kryptere og låse datasystema hos angrepsmålet, for så å kreve betaling for å låse opp.
Norsk Hydro blei utsett for eit angrep med slik programvare i fjor. Hydro betalte ikkje, men selskapet anslår at angrepet og gjenopprettingsarbeidet etterpå kosta selskapet mellom 550 og 650 millionar kroner.

Fleire grunnar til angrep

Vigleik Hustadnes er leiar for informasjonstryggleik i Tussa IKT. Han seier på generelt grunnlag at når store bedrifter blir angripne og hardt ramma kan det vere grunn til å tru at det er meir avanserte angrep enn hos mindre bedrifter, og at målet også kan vere eit anna enn å få ut løysepengar - industrispionasje til dømes.
Hustadnes meiner terskelen for å rette dataangrep mot store deler av næringslivet er så lav at bedriftene bør vere budd på angrep.
- Det ligg verkty ute som krev lite kompetanse, seier Hustadnes.

Publisert: 11.06.2020 15:12

Sist oppdatert: 04.01.2022 16:47

Mer om