Ingen pengar til skipstunnelen
Nytt

Ingen pengar til skipstunnelen

 - Uakseptabelt løftebrot, seier forkjemparane for Stad skipstunnel til budsjettlekkasje. 

Marius Rosbach
02.10.2020
Samferdsleminister Knut Arild Hareide kjem fredag med ei nedslåande budsjettlekkasje til . Det er ikkje prioritert ei krone i neste års statsbudsjett og dermed heng byggestart i 2021 i ein tynn tråd.
– Det er lite rom for nye prosjekt. For å ikkje måtte stoppe opp prosjekt vi er i gong med, må dei som ventar på oppstart utsetjast. Dette gjeld dessverre Stad skipstunnel. Det er ikkje pengar til dette no, seier han til avisa.
Hareide påpeiker at prosjektet ikkje er avlyst, og at «det einaste dette handlar om, er pengar».

– Eit løftebrot

Nyheita får styringsgruppa for Stad skipstunnel til å sjå raudt. Prosjektleiar Randi Humborstad seier ho både er overraska og provosert.
– Dette er eit løftebrot på Nasjonal transportplan, uttalar ho i ei pressemelding.
Ho viser til at Stortinget har vedteke byggestart for skipstunnelen i denne stortingsperioden, og at neste års statsbudsjett er siste sjanse til å stå ved løftene frå tidlegare.

Meiner kysten bli nedprioritert

Forkjemparane hadde håpt på planleggingsmidlar og fekk seinast i august positive signal då samferdsleministeren var på besøk på Sunnmøre. Kostnadene for heile prosjektet er rekna å bli 2,7 milliardar kroner.
– Vi synest det er uforståeleg at regjeringa ikkje har funne 60 millionar kroner til det einaste store investeringsprosjektet innafor sjøtransport. Signaleffekten frå regjeringa er at sjøtransport og verdiskapning på kysten, blir nedprioritert til fordel for jernbanesatsinga isentrale strøk på Austlandet, seier Humborstad.
Skipstunnelen er utgreia 21 gonger og ei ny kvalitetsssikring av den siste rapporten er . Fleire reagerte då det blei kjent at departementet hadde bestilt ei ny kvalitetssjekk, og Maritimt Forum Nordvest og Mafoss meinte det minna om ei bevisst trenering.

Sett sin lit til opposisjonen

Randi Humborstad i styringsgruppa for Stad skipstunnel påpeiker at statsbudsjettet må ha fleirtal i Stortinget. Ho sett difor pris på signala frå tidlegare samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) om at Framstegspartiet til skipstunnelen.
– No må vi stole på at opposisjonen på Stortinget vil sikre fleirtal for å få Stad skipstunnel inn i statsbudsjettet og sikre byggestart i 2021, seier Humborstad.
I løpet av dei siste vekene har samferdsleministeren uttalt at den nasjonale transportplanen må slankast. Knut Arild Hareide legg fram transportplanen for åra 2022 til 2033 til våren.

Les også:




Publisert: 02.10.2020 15:51

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:23