Idar Martin Refsnes i Saga Boats foto Ogne
PLUSS: Idar Martin Refsnes i Saga Boats fekk plussresultat i 2021. Til våren lanserer selskapet ein ny båtmodell. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ingen salsboom for Saga Boats

Båtprodusenten i pluss før nylansering

Kjell Arne Steinsvik
24.08.2022

Før inngangen til 2021 var ordrebøkene fulle, og dagleg leiar Idar Martin Refsnes sa då til NETT NO at den som skal ha ny Saga-båt til våren må vere rask i snuen.

Saga Boats snudde fra minus til eit lite pluss i fjor, men driftsinntektene blei redusert samanlikna med året før. (sjå tabell)

Saga Boats AS
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 49,2 59,5
Driftsresultat 1,4 0,8
Resultat før skatt 0,9 -0,8

Selje-selskapet har produsert båtar for dei norske og internasjonale marknadane i meir enn seksti år, og kjem stadig med innovasjonar. I juli kunne dei avsløre at dei arbeider med ein ny styrhusbåt på kring 33 fot. Målet er å lansere denne våren 2023.

Til Båtmagasinet sa avtroppande dagleg leiar Idar Martin Refsnes at dei satsar kring ti millionar kroner på nyvinninga.

NETT NO har prøvd å få eit intervju frå Refsnes, men han ville ikkje uttale seg til avisa.

Publisert: 24.08.2022 14:45

Sist oppdatert: 24.08.2022 21:05

Mer om