Erna Solberg Lisa Leinebø Pinheiro Leinebris Eros statsministerbesøk juni 2021 foto Ogne
VAKSINE: Erna Solberg varslar vidare gjenopning av samfunnet. Her får ho servert fish & chips av Lisa Leinebø Pinheiro under eit besøk i Herøy nyleg. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ingen seier meir ja til vaksine enn nordmenn

Onsdag blir truleg vaksinedose nummer fem millionar sett i Noreg. Solberg trur på vidare gjenopning.

21.07.2021

Statsminister Erna Solberg (H) seier det er gode nyheiter for vidare gjenopning av samfunnet.

– Det som er spesielt viktig i Noreg er at så mange seier ja til vaksinasjon. Det håpar eg at held fram, for det er vegen vår ut av restriksjonane vi har. Det er vegen til meir fridom i kvardagen. Dess fleire som er vaksinerte, dess mindre sannsynleg er det for at folk blir alvorleg sjuke og døyr, seier statsminister Erna Solberg (H) til VG.

Noreg er no i verdstoppen når det gjeld kor mange som takkar ja til vaksinen, ifølgje Statsministerens kontor. I ei undersøking frå Folkehelseinstituttet svarte heile 93 prosent at dei ønskte å ta koronavaksinen.

Tre av fire har fått vaksinedose
Blant dei unge var 90 prosent positive til vaksinasjon, og innan utgangen av august skal alle over 18 år ha fått tilbod om minst ein vaksinedose.

– Vaksinen er vegen vår ut av pandemien. Det er veldig gode nyheiter at tre av fire no har fått ein vaksinedose, seier Solberg i ei pressemelding.

Etter spreiinga av deltavarianten utsette regjeringa trinn fire for gjenopninga av Noreg 5. juli. No seier statsministeren at tala ser positive ut for vidare gjenopning sidan smittetala er stabile og få blir innlagde på sjukehus.

39 prosent er fullvaksinerte
Måndag hadde 75 prosent av befolkninga i Noreg fått minst ein vaksinedose, medan 39 prosent var fullvaksinerte.

I slutten av juli eller byrjinga av august skal regjeringa ta stilling til om det er forsvarleg å gjennomføre vidare gjenopning av samfunnet, der mellom anna tilrådinga om maks 20 gjester i heimen og kravet om bordservering av alkohol på utestader kan bli fjerna.

Publisert: 21.07.2021 11:00

Sist oppdatert: 21.07.2021 11:05