Sondre Raknes Slyngstad Reklame Nor Fishing 2022
SNART KLAR: Sondre Raknes monterer lys på fellesstandområdet til Møre og Romsdal. Den internasjonale fiskerimesssa Nor-Fishing opnar i Trondheim i morgon, tysdag 23. august. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Innspurt før Nor-Fishing

Meir enn kvar sjette utstillar på den store fiskerimessa har adresse Nordvestlandet. Her får du oversikta.

22.08.2022

Dagen før opninga av Nor-Fishing er Sondre Raknes frå Slyngstad Reklame i Skodje i gang med å montere lys på standane til fleire utstillarar frå Møre og Romsdal. Deltakarane har samla seg i eitt større fellesstand-område.

Sjå liste over utstillarar frå Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal t i slutten av artikkelen. Nokon som manglar? Gi oss ei melding.

Spesialistar på utstillingsstands
Raknes og kollegane reknar med å arbeide langt ut over kvelden i dag, slik at alt er klart til opninga tysdag morgon.

Slyngstad Reklame har spesialisert seg på å bygge utstillingsstands og Nor-Fishing er blant dei større oppdraga.

Koronatida var eit tid med lite aktivitet for selskapet, men frå mars i år har det vore full fart.

- Etter det blei opna opp i mars og fram til no har vi sprunge som nokre tullingar, seier dagleg leiar Robin Slyngstad.

tter det blei opna opp i mars og fram til no har vi sprunge som nokre tullingar,
Sondre Rakne
35 milliardar i samla omsetning
Nesten 100 utstillarar frå Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal deltek på den internasjonale fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim.

Til saman hadde utstillarane frå Nordvestlandet samla driftsinntekter på 35 milliardar kroner i fjor. Ikkje alle dei 35 milliardane er inntekter utstillarane hentar frå fiskeri- og fiskeindustribebransjen, men nok til at dei prioriterer å vere på plass under Nor-Fishing.

Omlag 530 utstillarar frå over 20 land er med på messa, som i år ventar mellom 15.000 og 20.000 besøkande.

Første etter korona
Nor-Fishing blir arrangert annakvart år og alternerer med Nor-Aqua, som er ei messe retta mot oppdrettsbransjen.

Årets messe er den første Nor-Fishing-messa etter at koronapandemien kom og gjorde at messa i 2020 blei avlyst.

Ein konsekvens av pandemien er at ein god del av arrangementa på messa blir overført via nettet. Under Aqua Nor i 2021 var det 9150 innloggingar på nettarrangementa, og 1200 registrerte chat-samtalar mellom aktørar på messa og potensielle kundar/samarbeidspartnarar.

Nor-Fishing 2022
Utstillarar frå Nordvestlandet
Amatec AS
Aqua Maritime AS
Aquaservice AS
Aukra Maritime AS
Blue CTRL
Brunvoll AS
Brødr. Hukkelberg AS
Bud og Hustad Forsikring
Bunker Oil AS
Baader
Båtbygg AS
Ccom
Cflow
Davi Turbo as
Dimo AS
Entec Group AS
Ervik Havfiske AS
Ervik Seafood AS
Finnøy Gear & Propeller AS
Fiskerstrand Verft AS
Fiskevegn
Frøystad AS
Glamox AS
Granne Forsikring
Hareid Group
Havlandet
Herøy kommune
HL.Skjong AS
Hydra Pipe AS
Inseanergy
J. Weiberg Gulliksen as
Jangaard Export AS, avd Røst
Kvernevik Engineering AS
Langset
Libra
Mare Safety AS
Marin Teknikk AS
Marina Solutions AS
Marint kompetansesenter
Maritech AS
Maritim Motor
Maritime Partner as
Marport Norge AS
MMC First Process as
Molde kommune
Molde og Romsdal Havn IKS
Moltech Norge AS
Motus Technology
Myklebust Verft AS
Møre og Romsdal fylkeskommune
Mørenot Fishery AS
Måløy Maritime Group
Måløyterminalen AS
Naval Consult AS
NCE Blue Legasea
Nogva Motorfabrikk AS
Nomapro AS
Normex AS
Optimar AS
PE Bjørdal
Polyform
Premas
PTG Frionordica
Scala Norway AS
Seacon as
Seaonics AS
Selstad
Sentronik
Servi Ulsteinvik as
ShipMed
SHM Maritime AS
Skipskompetanse
Skipsteknisk AS
Stadyard
Steel-X AS
Surofi
Sæplast Norway AS
Therma Industri AS
Triangel Business Solutions
Ulmatec Pyro
Ulmatec Skipsservice AS
Ulvesund Elektro
Vard
Vegsund Slip AS
Verlo
Vestland fylkeskommune
Vik Ørsta AS
Wavefoil AS
Westing AS
Westmek AS
Zewo Chemicals AS
Aalesund Protective Wear AS
Ålesundregionens Havnevesen
Aas Mek. Verksted AS

Publisert: 22.08.2022 14:01

Sist oppdatert: 25.08.2022 13:27

Mer om