Inntektene ned og lønsemda opp
Samordning og kostnadskutt etter oppkjøpet av marinedivisjonen til Rolls-Royce gir auka lønsemd hos Kongsberg Maritime.
Etter at Kongsberg Gruppen tok over marinedivisjonen til Rolls-Royce 1. april 2019 starta eit omfattande arbeid for å samordne dei to verksemdene og kutte kostnadar.
Det viser seg att i reknskapen for første kvartal 2021, som er lagt fram i dag. Trass i eit kraftig fall i driftsinntektene, aukar lønsemda.
Kongsberg Maritime er det største selskapet i Kongsberg Gruppen, målt i driftsinntekter.
Sjå presentasjonen av 1. kvartalsrapporten her. Sendinga startar 08:15
Dekksmaskiner i pluss
Størst problem ved overtakinga hadde dekksmaskineri-verksemda, mellom anna med tyngdepunkt i Brattvåg.
Den delen av verksemda hadde eit "betydleg" negativ driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda) då Kongsberg tok over , i følgje kvartalsrapporten. No gjer ein kombinasjon av nysal og oppdrag i ettermarknaden at den delen av verksemda har ei lønsemd på nivå med gjennomsnittet for heile forretningområdet, ifølgje kvartalsrapporten.
Ekstra sal
Samanslåinga av Kongsberg Maritime og marinedivisjonen til Rolls Royce gav Kongsberg Maritim eit større utval av produkt og tenester å tilby.
Slik selskapet håpa før oppkjøpet har det også gitt ekstra sal, samanlikna med kva kvart selskap kunne oppnå kvar for seg. For 1. kvartal var utgjorde dette 200 millionar kroner i ekstra driftsinntekter, for heile 2020 utgjorde det 700 millionar kroner, ifølgje kvartalsrapporten.
Koronanedgang
Konsekvensen av den verdsomspennande koronaepidemien er ei viktig årsak til fallet i driftsinntektene, både når det gjeld sal av nye produkt og for reparasjon. og vedlikehaldsoppdrag.
Ordreinngangen i 1. kvartal 2021 blei 4,1 milliardar kroner mot 4,8 milliardar i 1. kvartal 2020.
Framover ser Kongsberg Maritime eit vekstpotensiale i marknaden for skip til service- og installasjon av vindkraftanlegg til havs og i utstyr som må til for å innfri strengare utsleppskrav.
Kongsberg Maritime | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 3807 | 4543 |
Driftres. før av- og nedskriving | 427 | 390 |
Driftsresultat | 254 | 169 |
Kongsberg ASA (konsern) | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 6364 | 6678 |
Driftsresultat | 575 | 301 |
Resultat før skatt | 529 | 257 |
Publisert: 30.04.2021 07:29
Sist oppdatert: 29.06.2021 11:36