Harpefossen Skisenter for Harpåefossen Skisenter
KUNSTSNØ: Takka vere snøproduksjon har Harpefossen Skisenter kunne halde ope sidan midten av desember 2022. Foto: Harpefossen Skisenter
Nytt

Inntektene opp og lønsemda ned

Straum og vedlikehald trekte ned.

06.02.2023

Harpefossen Skisenter i Stad kommune opna drifta i midten av desember i fjor, etter ein kuldeperiode som gjorde har senteret kunne produsere nok snø til å halde ope sidan.

Snøproduksjon krev straum, og saman med auka vedlikehaldskostnadar var auka straumutgifter med på å gjere at selskapet gjekk i minus i førre sesong, ifølgje styreleiar Nils Magne Nedreberg (sjå tabell).

Skisenteret, som er eigd av Stårheim Idrettslag, Haugen Idrettslag og Harpefossen Hyttegrend, har avvikande rekneskapsår. Rekneskapen følgjer skisesongane, ikkje kalenderåret. Tabellen under viser korleis det gjekk i 2021/2022-sesongen.

Harpefossen Skisenter as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt5,64,9
Driftsresultat-0,20,4
Resultat før skatt-0,40,2

Publisert: 06.02.2023 13:33

Sist oppdatert: 06.02.2023 13:33

Mer om