Hornindal skisenter kveldskøyring 11
KAN KLARE SEG MED KULDE: Er det kaldt nok kan Hornindal Skisenteret opne anlegget med berre kunstsnø, slik som i første del av sesongen 2022/2023. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Oppsving for skisenter

Skisentra i Hornindal og Stryn auka inntektene i førre sesong.

01.02.2023

Berre to gangar tidlegare har Hornindal Skisenter hatt høgare driftsinntekter enn i 2021/2022-sesongen.

Senteret har eit stort hytteområde som næraste nabo, og har utvida anlegget gjennom fleire år, med tilrettelegging av traséareal, utvida kapasitet i trekka og i snøproduksjonen. Med lange nok kuldeperiodar kan det produserast nok snø til at anlegget kan opne sjølv utan snøfall.

Kunstsnø sikra sesongstarten
Hittil i sesongen har det vore kunstsnøen som har sikra at anlegget har vore ope. Først i dag opnar heile anlegget, etter stort snøfall i høgda.

I siste rekneskapsår vart det bygd ut og investert for 5,8 milliardar kroner i anlegget, og den omfattande utbyggingsplanen selskapet har hatt er no langt på veg ferdig, viser den siste rekneskapen til selskapet.

Frå minus til pluss
Både Hornindal Skisenter og Stryn Vinterski - som driv skianlegget i Stryn - har avvikande rekneskapesår - som følgjer skisesongane, ikkje kalenderåret.

Tala i tabellen under viser sesongane 2022/2021 og 2021/2020, som vart offentleg denne veka.

Hornindal Skisenter snudde eit lite minusresultat, til eit lite overskot. Skisenteret i Stryn gjekk derimot frå pluss til minus - først og fremst på grunn av høgare lønskostnadar.

Hornindal Skisenter har Hornindal Idrettslag og Volda kommune som hovudaksjonærar. I Stryn eig Stryn Turn og Idrettslag 90,2 prosent av aksjane.

Hornindal Skisenter as*
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt3,62,8
Driftsresultat

0,1

-0,2
Resultat før skatt0,1-0,2
Stryn Vinterski as*
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt3,83,3
Driftsresultat0,10,6
Resultat før skatt-0,10,5
*Begge selskapa har avvikande rekneskapsår. Rekneskapet følgjer skisesongen og viser korleis det gjekk i høvesvis 2021/2022 og 2020/2021-sesongane.

Publisert: 01.02.2023 12:00

Sist oppdatert: 01.02.2023 13:19

Mer om