Bilde 1 1 1
TETT DENNE VEKA: Insektproduksjonanlegget blir bygd inne i ein tidlegare møbelfabrikk i Stordal. T.v. Harald Espeland, dagleg leiar NorInsect AS, t.h. byggeleiar Reidar Ervik i NorInsect AS. Foto: Norinsect
Nytt

Investerer 20-30 millionar i insektfabrikk

Midt på sommaren skal insektfabrikken i Stordal vere klar til produksjon.

22.03.2021

Fabrikken blir bygd inne i ein tidlegare møbelfabriikk i Stordal, og denne veka er sjølve ytterveggane i det 1300 kvadratmeter store anlegget på plass. Neste steg er å få på plass utstyret, og til sommaren skal anlegget altså vere klart til produksjon.

Investereringa er i første omgang på 15-20 millionar kroner, og vil blir på 20-30 millionar når anlegget er fullt utbygd og automatisert, seier Harald Espeland, dagleg leiar og medeigar i Norinsect.

Fiskefôr og gjødsel
Ideen bak selskapet er å fôre opp melbiller som skal brukast som fiskefôr, og plantegjødsel av insektavføringa.

Billene skal fôrast opp på vegatabilsk restråstoff frå matindustrien.

Er drifta av anlegget i Stordal vellukka er planen å utvide og også bygge anlegg andre stadar.

Har kjøparar
Espeland seier Norinsect har kjøparar parat straks selskapet kan starte å levere.

I fjor fekk selskapet inn fleire nye eigarar i ei kapitalutviding, mellom dei Artec Holding. Det er selskapet til grunnleggarane av oppdrettsanleggkonstruktøren Artec Aqua, Bjørn Finnøy, Bjørnar Flem og Victor Fiveland.

Publisert: 22.03.2021 15:55

Sist oppdatert: 13.07.2021 10:00

Mer om