Vil dele arbeidskvardagen med fleire
Håpar nytt arbeidsfellesskap gir inspirasjon og kanskje nokre ekstra oppdrag.
Førre veke blei oppstarten av Cowork-prosjektet i Ulsteinvik markert på Skaparhuset. Til stades var både ordføraren og inviterte personar som kan vere potensielle brukarar.
Mellom dei var Ellen Skodjevåg Bø som vil teste det nye tilbodet.
– Det å få dele arbeidskvardagen med nokon kan bli veldig spennande, fortel ho til NETT NO.
Ser fleire fordelar
Ulstein-kvinna starta i 2015 opp selskapet Sytalaust som leverer
tenester innan kommunikasjon og sal. Etter fleire år på heimekontor ser
ho føre seg å bruke arbeidsfellesskapet nokre dagar i veka.
–
Oppmøte på Skaparhuset viser tydeleg at det er fleire enn meg som ser
verdien av Coworking i Ulsteinvik. Magi skjer i møte med andre
mennesker, og det blir inspirerande å lære nye folk og bransjar å
kjenne. Og kven veit, kanskje vil dette samarbeidet gi fleire oppdrag
til Sytalaust, seier Bø.
Les også
Andre fordelar ho ser er deling av kunnskap – og ikkje minst det sosiale rundt lunsjbordet. Det er også
fleire alternative arbeidsplassar med stillerom og eigne kontor.
Eitt av åtte Cowork i fylke
Arbeidsfellesskapet er eitt av åtte slike Cowork på bygda-prosjekt, som
er i gong, eller i ferd med å starte opp etter å ha fått støtte frå
fylkeskommunen.
Kommunen er med som samarbeidspartnar, saman med Ulstein Næringsforum og Skaparhuset. Kjersti Kleven ved Skaparhuset held i mange av dei praktiske trådane, saman med Anne Klara Måseide i næringsforumet.
– Dette er eit utviklingsprosjekt og no startar vi med å samle informasjon om behovet, fortel Kleven til NETT NO.
Til «kick-off»-arrangementet hadde dei både invitert «heimebedrifter» og personar som pendlar til andre plassar – men kan tenke seg nokre dagar ved ein slik møteplass. Eit oppmøte på kring 20 personar seier Kleven seg godt nøgd med.
– Vi har etter kvart også ganske mange i lokalmiljøet som jobbar på heimekontor for selskap som held til i Oslo, eller Bergen. I samband med Covid opplevde fleire at det var betre at folka deira flytta heim, enn at dei slutta, fortel Kleven.
Det skandinaviske konsulentselskapet Bouvet er mellom dei som har fleire tilsette på søre Sunnmøre, og er andre aktuelle brukarar av arbeidsfellesskapet.
Publisert: 10.10.2022 05:00
Sist oppdatert: 14.10.2022 11:30