Investeringar for over sju milliardar
IBM TIL NORDFJORD: Laurence Guihard-Joly er sjef for It-selskapet IBM sitt arbeid for trygg datalagring og trygge datasystem. I mai 2017 var ho gjest på opninga av Lefdal Mine Datacenter i Nordfjord der IBM er ein av partnarane. 250 millionar kroner er investert for å få datalagringssenteret i gang, med lokale investorar som initiativtakarar og majoritetseigarar.
Nytt

Investeringar for over sju milliardar

Dei 11 største investeringane som er gjort eller sette i gang på Nordvestlandet frå 2015 er på over sju milliardar kroner. Investeringslysta døydde ikkje ut sjølv om offshorereiarane slutta å bestille båtar. Sjå lista over investeringane her.

29.12.2017

1.

Fjord1, ferjer for 2,3 milliardar kroner

I løpet av 2016 og 2017 har reiarlaget Fjord1 tinga ferjer for minst 2,3 milliardar kroner (NETT NO sitt anslag etter at Fjord1 har vunne ei rekkje ferjesambandskontrakter).
Byggeboomen starta i juni 2016 då Fjord1 offentleggjorde bygging av to ferjer hos det Tyrkiske verftet Tersan.
Den førebels siste kontraheringa er fem ferjer til sambanda Hareid-Sulesund og Aursnes-Magerholm, der reiarlaget seier det er snakk om ein pris på i overkant av ein milliard kroner.

2.Amfi Moa, 1,1 milliardar kroner

Olav Thon Gruppen investerer 1,1 millionar kroner i utviding av Amfi-kjøpesenteret på Moa. (I tillegg er selskapet i gang med å planlegge bygging av eit storhandelssenter ved Lerstadvegen i Breivika til rundt 250 millionar kroner, men der er avgjerda om å gå i gang ikkje tatt).
Byggearbeidet på Amfisenteret er godt i gang, og skal vere ferdig i oktober 2018 . Då kan du gå tørrskodd gjennom heile senteret, ein spasertur på cirka ein kilometer.
Når Amfi Moa er fullt utbygd, er det budsjettert omsetning på 3,3 milliardar kroner. Det er ein halv milliard kroner meir enn i dag.
Utbygginga omfattar mellom anna eit kinosenter med seks kinoar.
Då Olav Thon presenterte utbyggingsplanane våren 2016, sa han til NETT NO at eit utvida Amfi Moa vil bety rundt 600 nye arbeidsplassar, slik at senteret vil ha rundt 2000 tilsette når alle dei nye lokala er tatt i bruk.

3.

Ulsmo, 153 leilegheiter på Volsdalsberga, 650 millionar kroner

Etter å ha tenkt seg om gjennom sommaren og testa marknaden hausten 2016 starta Ulsmo salet av leiligheiter på Volsdalsberga i Ålesund.
Ulsmo er investeringsselskapet til søskena Ingerid, Gunvor, Tore, Idar Marius og Vegard Ulstein.
Dette er det største bustadprosjektet på Sunnmøre nett no, og går alt etter planen flyttar dei første kjøparane i byggetrinn inn før jul 2019.
Til saman er det snakk om 153 leilegheiter fordelt på to trinn. NETT NO anslår at den samla investeringa (for Ulsmo) for begge byggetrinn er på rundt 650 millionar kroner.

4.

Ervik Havfiske, 700 millionar kroner

I løpet av 2015 og 2016 bestilte tremenningane Stig og Kjell Magne Ervik på Stadlandet tre fiskebåtar og kjøpte ut Domstein-konsernet, ei investering som NETT NO anslår til 700 millionar kroner.
Den siste av båtane blir levert neste år.
Under Ervik Holding-paraplyen finn du både daglegvarebutikk (Vestkapp Handel), leverandør av agn, bunkers, verktøy og reservedeler til fiskeflåten (Nordic Marine), mekanisk verkstad (Westmek) og rekneskapsbyrå (Vest økonomisenter og Rådgivning Nord).
I år har Ervik gått inn i reiselivsbransjen. Selskapslokalet/restauranten Furebuda i Leikanger på Stadlandet blir utvida til hotell, ei investering på rundt 30 millionar kroner.

5.

Ronja Storm, 500 millionar kroner

I mai 2017 bestilte Sølvtrans bygging av verdas største brønnbåt ”Ronja Storm”, hos Havyard. Den er så langt også verdas dyraste, med ein prislapp på 500 millionar kroner.
"Ronja Storm" blir 116 meter lang og skal leigast ut til det tasmanske oppdrettselskapet Huon Aquaculture på ein tiårskontrakt.
Selskapet har flytta oppdrettsproduksjon til havs mellom anna for å handtere den smittsame fiskesjukdomen amøbisk gjellesjukdom (AGD), og fartyet får utstyr for å behandle mykje fisk på kort tid. Behandlingskapasiteten blir meir enn dobla samanlikna med brønnbåten selskapet leiger frå Sølvtrans i dag.
Frå og med 2015 har Sølvtrans bestilt nye båtar for cirka to milliardar kroner.

Digerneskiftet Næringspark, 500 millionar kroner

Utbygginga på Digernesskiftet starta lenge før 2015 og er langt frå ferdig, men frå og med 2015 til og med hausten 2017 er det bygd ut eller vedtatt bygd ut for rundt 500 millionar kroner på Digernesskiftet i Skodje.
Aktiviteten på området er i gradvis vekst og vil passere 500 arbeidsplassar i løpet av 2018. Utbyggingsselskapet Digerneset Næringspark as er eigd av Wenaas Kapital og Møller Eiendom Norge med 47,5 prosent kvar medan Jan Petter Larsens selskap Dreg eig fem prosent av aksjane.

Settefiskanlegg for 500 millionar kroner

Marine Harvest har bygd nytt og større settefiskanlegg i Dalsfjorden for 230 millionar kroner. Anlegget er bygd for å la fisken bli nesten dobbel så stor som tidlegare vanleg. Poenget med det er mellom anna at fisken toler meir når den først blir sett i sjøen, samstundes som Marine Harvest kan utnytte kapasiteten i sjøanlegga betre og auke produksjonen utan å kome i konflikt med reguleringane som set ei grense for kor mykje fisk som kan stå i oppdrettsanlegga.
Vartdalgruppa har satsa på same strategi, men har ikkje oppgitt pris for sitt anlegg.
Fjordalaks Aqua vedtok tildegare i 2016 å bygge settefiskeanlegg til 170 millionar kroner i Tafjord, av same grunnar som Marine Harvest og Vartdalgruppa.
NETT NO sitt anslag er at dei tre anlegga samla sett utgjer investeringar på minst ein halv milliard kroner.

8.

Andre byggetrinn NMK, 400 milionar kroner

Då konsekvensen av oljeprisfallet for alvor byrja å gå opp for dei maritime bedriftene på Nordvestlandet - i 2015 - bestemte eigarane av NMK seg for å utvide.
Utbyggarane, men Leif Arne Langøy og Kaj Bang Westre i spissen, hadde nølt litt, men til slutt bestemt seg for å køyre på.
No har satelittkommunikasjonsselskapet Inmarsat flytta inn, saman med NTNU, fagskulen og vidaregåande skule – og ikkje minst det nye virtuelle prototypingsenteret der bedrifter kan teste og utvikle nye idear raskt og rimeleg.

9.

Gondolbanen i Loen, 300 millionar kroner

Prisen blei minst dobbelt så stor som først planlagt, men etter at Dronning Sonja opna anlegget i mai i år har trafikken utvikla seg over all forventning.
Selskapet bak gondoldrifta, der Loen-bedriftene Hotel Alexandra og Nordfjord Kjøtt er store aksjonærar, har hatt fleire billettkjøparar så langt i år enn anlegget treng for å gå med overskot i eit fullt driftsår.
Investeringa er den største i turistnæringa på Nordvestlandet på fleire år. Primus motor for satsinga har vore hotelldirektør Richard Grov på Hotel Alexandra. Han har handtert gondolsatsinga samstundes som hotellet har gjennomført ei større utviding.
Satsinga har gitt utvida spa-avdeling og familie-leikerom, saman med ny kantine og garderober til tilsette, nye tekniske rom, vaskeri og utvida kjøken og lager. Samla er det snakk om ei investering på rundt 100 millionar kroner.

10.

Lefdal Mine Datacenter, 250 millionar kroner

Ei tom olivingruve er blitt til eitt av Noregs største datalagringssenter.
IBM er ein av partnarane i utviklinga av kanskje den mest usannsynlege etableringa på Nordvestlandet siste åra.
Med lokale investorar i Måløy, som Gunnar Carlson og brørne Egil og Svein Skibenes, i spissen, er den nedlagte gruva i Lefdal i Nordfjord gjort om til eit moderne datasenter djupt nede i fjellet. Opninga var i mai i år.
Plasseringa gir senteret fleire fordelar; ein ligg godt beskytta mot sabotasje og har tilgang på sjøvatn, som gir rimelegare kjøling enn tradisjonell luftkjøling. Senteret er allereie ein stor straumkunde hos Sogn og Fjordane Energi.

Nordfjord Kjøtt, 250 millionar kroner

Satsinga på å vere hovudleverandør av kjøtvarer til Rema-kjeda har vore god butikk for Geir Egil Roksvåg i Nordfjord Kjøtt i Loen.
Han har vore ein viktig partner for Richard Grov i Hotel Alexandra i satsinga på gondolbanebygginga i Loene, men investerer også tungt i eiga bedrift.
I 2016 starta bygginga av to nye fabrikkhallar, ei investering på rundt 250 millionar.

Publisert: 29.12.2017 06:00

Sist oppdatert: 12.06.2022 14:06

Mer om