Arne Johan Rebbestad foto Marius
VOLDA: Arne Johan Rebbestad investerte i arealet ved Voldaportalen i 2009. 15 år seinare er berre halve området bygd ut, fordi ein må vente på bygging av ny E39. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Investerte i 2009 – har berre bygd ut halvparten

– Det er kaos i sentrum og vi ønsker verkeleg å kome vidare, fortel investor Arne Johan Rebbestad i Volda.

Marius Rosbach
09.10.2025

Onsdag var det invitert til vegseminar i Volda om E39. Her kom det fram at fleire investorar er spesielt utolmodige med å få avklart kva som skjer med bygginga av den planlagde Voldatunnelen. 

– Vi må trykke på. Det er kaos i sentrum og vi ønsker verkeleg å kome vidare, fortalde, eigedomsinvestor Arne Johan Rebbestad. 

Han fortalde om planane deira vidare kring Voldaportalen. Her er det allereie bygd ut kring 10.000 kvadratmeter med leilegheiter og næringsareal.

Men den vidare utbygginga avhengig av kva val som blir gjort for E39 og tunnelinnslaget for tunnelen mot Ørsta. 

Voldaportalen illustrasjon foto Marius
FERDIG UTBYGD: Voldaportalen slik det er tenkt ferdig utbygd. Førebels er berre dei to blokkene til venstre realisert. Til høgre i illustrasjonen kan ein skimte tunnelinnslaget for Voldatunnelen. Foto: Marius Rosbach

Må kanskje vente til 2032
Tidlegare er det vedteke at vegen skal på plass først – og at anna utbygging må kome i etterkant. 

Han fortalde at dei starta investeringa i arealet i 2009. Første trinn av utbygginga stod ferdig i 2022. 

– Men vi har framleis berre fått bygd ut halve tomta. Og slik det ligg an no må vi kanskje vente heilt til 2032 før vi kjem vidare, sa han. 

Eit slikt tidsperspektiv meinte han ville vere trist - og problematisk sett frå eit investorperspektiv.

– Investorane må få valuta for pengane sine om vi skal få til utvikling. 

Han påpeiker at dei har ein god dialog med Statens vegvesen og framleis håpar at det er mogleg å få ting på plass raskare.

Store planar med Aasenkvartalet
Kring utløpet av Rotsethorntunnelen har det i løpet av dei siste åra etablert seg fleire nye næringsaktørar på austsida av Volda sentrum. 

Og meir vil det truleg bli. 

Ivar Kvangardsnes i Volda Utvikling fortalde om planane for Aasenkvartalet som er planlagd som nabo til Høgskulen i Volda. 

Her er det planar om ei utbygging på kring 20.000 kvadratmeter mellom anna med hotell, kulturscene og etablering av Norsk Innovasjonssenter. 

Aasenkvartalet illustrasjon foto
AASENKVARTALET: Slik ser planane ut for byggetrinn 1 og 2 av Aasenkvartalet, som mellom anna inkluderer nytt hotell og kulturscene. Bak bygga i overkant av bildet, er eit bandlagt areal der byggetrinn 3 er planlagt. Foto: Marius Rosbach

Bandlagt areal kan bremse utviklinga
Kvangardsnes la ikkje skjul på at reguleringsarbeidet har vore ein flaskehals til no. 

Om alt går etter planen håpar han at dei kan sette spaden i jorda for byggetrinn 1 og 2 etter sommaren neste år. 

Finansiering såg han ikkje som eit problem. Men eit bandlagt areal der byggetrinn 3 er planlagt, kan stikke kjeppar i hjula. 

– Investorane vil vite kva som skjer med dette arealet, sa Kvangardsnes. 

– For oss er det heilt kritisk å få dette avklart så fort som mogleg for å få signert ein avtale om hotell, la han til. 

Publisert: 09.10.2025 05:00

Sist oppdatert: 26.01.2026 16:23

Mer om