Nina Viddal Jan Thormodsæther Norsk Innovasjonssenter foto Ogne
KLAR TIL START: Nina Viddal er dagleg leiar og Jan Thormodsæter styreleiar i Norsk Innovasjonssenter i Volda. Tysdag samla dei moglege deltakarar for orientere om senteret og få innspel til vidare utvikling. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Startskot for innovasjonsenter

– Håpet er at det skal trigge gode innovasjonsprosessar her og i resten av regionen, seier styreleiaren.

10.01.2024

Tysdag samla Norsk Innovasjonssenter i Volda potensielle deltakarar til det første møtet for å orientere om planar for senteret og få innspel om vidare utvikling.

– Her er deltakarar frå både offentleg og privat næringsliv, eit breitt spekter av de som finnes, seier dagleg leiar Nina Viddal i Norsk Innovasjonsenteret.

At folk melder seg på er det viktigast for senteret, seier ho, og dei kjem til å arrangere fleire møte som for å rekruttere deltakarar og få innspel til utviklinga.

Planen er at innovasjonsenteret skal flytte inn i eit komande nybygg ved Høgskulen i Volda, men senteret er allereie etablert og skal i første omgang flytte inn i leigde lokale i Volda sentrum til sommaren.

Medier og kommunikasjon
Det er mange gründerar som spring ut av medie- og kommunikasjonsstudia i Volda. Det er eit utgangspunkt for innovasjonssenteret, som mellom anna skal omfatte Kulturnæringshagen i Volda.

Kulturnæringshagen tilbyr lokale og miljø til gründerbedrifter, med film- og kommunikasjonsselskapet Oclin som den mest kjende bedrifta knytt til Kulturnæringshagen.

Planen er å spele vidare på medie- og kommunikasjonsmiljøet, ifølgje styreleiar Jan Thormodsæter.

– Vi i andre bransjar treng dei for å fortelje gode historier om våre bransjar, seier han. Thormodsæter er dagleg leiar i Mafoss, Maritim foreining for Søre Sunnmøre.

Målet er óg å spele på miljøet for ulike utdanningar til offentleg sektor i Volda.

– Offentlege etatar og instansar er kanskje meir innovative enn mange ventar, og viljen er enorm, seier han.

Miljø - ikkje bygg
Thormodsæter understrekar av Norsk Innovasjonssenter først og fremst er eit miljø som skal etablerast og utviklast uavhengig av fysisk plassering.

- Når huset ein gong er ferdig, er det berre det fysiske som blir større, seier han.

Planen er at Norsk Innovasjonsenter skal flytte inn ei eitt av nybygga i det såkalla Aasenkvartalet ved Høgskulen i Volda. Målet er byggestart i 2025 i eit prosjekt som også kan kome til å omfatte hotell.

Publisert: 10.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 18.04.2024 13:01

Mer om