Styret i Karriereforum HI Molde fot Janellal
KOPLE NÆRINGSLIV OG STUDENTAR: Studentforeininga Karriereforum ved Høgskulen i Molde arbeider mellom ann med å knyte kontakt mellom studentane og næringslivet. Foto: Karriereforum/Janella Fe Doncillo Baguio.
Nytt

Inviterer næringslivet til speed-intervju

Molde-studentar koplar studentar og bedrifter i direkte møte.

18.02.2026

Karriereforum er ein studentorganisasjon ved Høgskulen i Molde som blant anna står bak Karrieredagen, der det tidlegare i februar stilte 43 bedrifter på stand for å presentere seg for potensielle arbeidstakarar.

No prøver Karriereforum med ein nytt arrangement - ein ettermiddag/kveld der bedriftene møter studentar til korte intervju. Det skjer mandag 2. mars.

– Vi har lyst å arrangere noko som knyter studentar opp mot næringslivet, seier arrangementsansvarleg June Mowatt Solheim i Karrieredagen.

Det er i utgangspunktet ikkje snakk om eit jobbintervju, men eit intervju for å bli kjent - for så seinare å bli ein aktuell arbeidsgivar og ein aktuell arbeidstaka.

Publisert: 18.02.2026 09:22

Sist oppdatert: 18.02.2026 09:22